Eurovision Song Contest 2017 (ESC 2017), offisielt 62. Eurovision Song Contest, var den 62. utgåva av Eurovision Song Contest. Tevlinga vart arrangert i Kyiv internasjonale utstillingssenter i Ukraina, etter at Jamala vann med songen «1944» i 2016. Dette var andre gongen Ukraina arrangerte tevlinga; fyrste gongen var i 2005, også det i Kyiv. Tevlinga bestod av tre sendingar: ein semifinale tysdag 9. mai, ein semifinale torsdag 11. mai og finalen laurdag 13. mai2017. Programleiarar for alle sendingane var Oleksandr Skitsjko, Volodymyr Ostaptsjuk og Timur Mirosjnytsjenko.[4] 42 land deltok i tevlinga, like mange som året før. Romania og Portugal, som for øvrig vann tevlinga, kom tilbake etter eitt års pause, mens Bosnia-Hercegovina, som deltok i 2016, trekte seg på grunn av økonomiske problem hos kringkastaren BHRT. Opprinneleg skulle også Russland delta, men trekte seg nokre veker før tevlinga sidan den russiske deltakaren, Julija Samojlova, vart nekta innreise til Ukraina.
Av deltakarlanda måtte 36 land gjennom éin av dei to semifinalane, og 20 av dei kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai. I tillegg deltok vertslandet Ukraina og «dei fem store landa» i finalen, slik at totalt 26 land deltok i finalen. Vinnaren av Eurovision Song Contest 2017 vart Salvador Sobral frå Portugal med songen «Amar pelos dois». Vinnarsongen hadde portugisisk tekst og var skriven av systera til Sobral, Luísa Sobral. Dette var den fyrste sigeren til Portugal i Eurovision Song Contest. Det var også fyrste gongen sidan 2007, då Marija Serifovic vann med songen «Molitva», at ein ikkje-engelskspråkleg song vann Eurovision Song Contest. Salvador Sobral fekk den høgaste poengsummen i Eurovision Song Contest til då, med 758 poeng. Bulgaria kom på andreplass med 615 poeng, følgd av Moldova med 374 poeng.
Det norske bidraget var songen «Grab the Moment», framført av JOWST og Aleksander Walmann. Den norske songen deltok i den andre semifinalen, der den enda på femteplass og dimed kvalifiserte seg til finalen. Til slutt enda Noreg på ein tiandeplass i finalen – den fjerde topp ti-plasseringa til Noreg sidan 2013. De tre sendingane vart sett av 182 millioner sjåarar verda over, ein nedgang på 22 millionar frå året før.
Etter sigeren med «1944» og Jamala i 2016, var det Ukraina og den ukrainske ålmennkringkastaren UA:PBC som var arrangører for tevlinga. Dette var andre gongen Ukraina hadde arrangørjobben; fyrste gongen var i Sportspalasset i Kyiv i 2005. Denne gangen vart hovudstaden Kyiv vald som vertsby, etter ein lengre søknadsprosess. Tevlinga vart lagd den største arenaen i Kyiv, Kyiv internasjonale utstillingssenter, med plass til rundt 11 000 tilskodarar.[5]
Vertsbyen og arenaen vart valde etter ein omfattande søknadsprosess som starta like etter Ukrainas siger i 2016. Allereie 18. mai 2016 kunngjorde den ukrainske ålmennkringkastaren UA:PBC at det fyrste offisielle planleggingsmøtet med EBU skulle haldast 8. juni. Ein avgjerd på kvar tevlinga skulle finne stad, skulle avgjerast etter sommaren.[6][7][8] Saman med den ukrainske regjeringa lanserte UA:PBC 23. juni ein offisiell søknadsprosess der interesserte byar kunne søkje om å bli vertsby.[9][10] Ein finaleliste på tre byar skulle vere klar i siste halvdel av juli, og like etter skulle EBU og den ukrainske organisasjonskomiteen besøke finalebyane og vurdere infrastruktur og arena. EBU hadde fleire krav, blant anna måtte arenaen ha plass til minst 7 000, og helst minst 10 000, tilskodarar. I tillegg måtte det vere eit pressesenter med 1 500 plassar, og vertsbyen måtte ha minst 2 000 hotellrom i alle prisklassar og av generell europeisk standard. Byen måtte også garantere for sikkerheita til dei besøkjande og ha moderne infrastruktur som blant anna ein internasjonal flyplass. I tillegg måtte arrangørbyen tilby sosiale aktivitetar og konsertar for lokalbefolkninga og dei besøkjande.[11]
Seks byar sende inn anbod innan fristen 8. juli: Dnipro, Kharkiv, Kherson, Kyiv, Lviv og Odesa.[12] I tillegg hadde byar som Tsjerkasy, Irpin, Uzjhorod og Vinnytsia tidlegere vist interesse, men valde til slutt ikkje å søkje om å bli vertsby.[13][14] Dei seks kandidatbyane vart offisielt presenterte 20. juli i eit to timar langt debattprogram på ålmennkanalrn i landet, UA:Første. Programleiar var Timur Mirosjnytsjenko, som sjølv skulle leie tevlinga i 2017. Under programmet presenterte kvar av dei seks byane søknadane sine for sjårane.[15]
To dagar seinare, 22. juli, hadde UA:PBC skore dei seks kandidatbyane ned til tre: Dnipro, Kyiv og Odesa.[16] Det endelege valet skulle opprinneleg ha vorte kunngjort 1. august, men EBU varsla at valge ville bli utsett. Sjefen for tevlinga Jon Ola Sand uttala at EBU «verkelig ønska å ta seg tid til å ta ei riktig avgjerd».[17] Etter fleire utsetjingar vart vertsbyen offentleggjord under ein pressekonferanse 9. september 2016. Valet fall på hovudstaden Kyiv og arenaen Kyiv internasjonale utstillingssenter.[18][19][20]
43 land var påmelde til Eurovision Song Contest i 2017. Portugal og Romania kom tilbake etter eitt års pause, mens Bosnia-Hercegovina trekte seg etter å ha deltatt i 2016. Berre éin månad før tevlinga trekte også Russland seg på grunn av strid om landets deltakar, Julija Samojlova. Dimed gjekk det totale deltakartalet ned frå 43 til 42.
12. mars 2017 offentleggjorde den russiske kringkastaren Pervyj kanal at artisten Julija Samojlova skulle representere Russland i Eurovision Song Contest 2017 med songen «Flame Is Burning». Samojlova var blant finalistane i russiske X Factor i 2013. Ho er kraftig lamma og sit i rullestol på grunn av den arvelege nevrologiske sjukdomen spinal muskelatrofi.
Kort tid etter kunngjeringa ila den ukrainske sikkerheitstenesta SBU Julija Samojlova eit tre-årig innreiseforbod til Ukraina. Årsaka var at Samojlova hadde halde konsert på Krim i 2015, og SBU meinte at Samojlova hadde teke seg ulovleg inn på ukrainsk territorium.[21][22] EBU foreslo fleire løysingar, blant anna at Samojlova kunne syngje direkte via satellittoverføring. Russisk fjernsyn avviste forslaga og valde til slutt å trekkje seg. Kanalen opplyste at han heller ikkje ville overføre sendingane frå Kyiv. EBU stadfesta 13. april 2017 at Russland hadde trekt seg frå Eurovision Song Contest 2017.[23]
Omar Naber, som representerte Slovenia i Eurovision Song Contest 2005 i Kyiv, deltok igjen med sangen «On My Way». Slik som i 2005 kvalifiserte han seg ikkje til finalen.
SunStroke Project, som representerte Moldova i Eurovision Song Contest 2010 på Fornebu, deltok med spngen «Hey, Mamma!». Dei kom på tredjeplass, den beste plasseringa til Moldova til då.
Koit Toome, som representerte Estland i Eurovision Song Contest 1998 i Birmingham, deltok med songen «Verona» sammen med Laura Põldvere. Põldvere hadde tidlegere delteke i Eurovision Song Contest i 2005 som ein del av gruppa Suntribe. Duoen kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Valentina Monetta, som representerte San Marino i 2012, 2013 og 2014, deltok for fjerde gong. Denne gongen deltok ho saman med Jimmie Wilson og songen «Spirit of the Night». San Marino kvalifiserte seg ikkje til finalen.
Atten land deltok i den andre semifinalen 11. mai. Sveits fekk tildelt plass i denne semifinalen etter ynskje frå den sveitsiske kringkastaren. Frankrike, Tyskland og Ukraina måtte kringkaste og røyste i denne semifinalen.[24][26] Russland var opphavleg trekt til å delta i den andre semifinalen, der dei skulle opptre med startnummer tre. 13. april 2017 stadfesta den russiske kringkastaren at dei ikkje ville sende tevlinga på fjernsyn, og fekk dimed ikkje deltake. Russland ville ikkje sende tevlinga av di artisten Julija Samojlova fekk innreiseforbod av den ukrainske tryggingstenesta SBU grunna brot på innreiselova til Krim i 2015.