[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Comes a Time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Comes a Time
Studioalbum av Neil Young og Crazy Horse
Språk engelsk
Utgjeve 21. oktober 1978[1]
Innspelt 28. november 1975 til 21. november 1977
Studio Triad Recording i Ft. Lauderdale; Columbia Recording Studio i London; Wally Heider Recording Studio i San Francisco; Woodland Sound Studios i Nashville; Sound Shop i Nashville og Broken Arrow Ranch i Redwood City
Sjanger
Lengd 37:15
Selskap Reprise
Produsent Neil Young, David Briggs, Ben Keith, Tim Mulligan
Neil Young og Crazy Horse-kronologi 
Decade
(1977)
Comes a Time Rust Never Sleeps
(1979)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[2]
Christgau's Record Guide(A)[3]
Rolling Stone(positive)[4]
Rolling Stone5/5 stars[5]

Comes a Time er det niande studioalbumet til Neil Young, gjeve ut i 1978. Young gjekk her attende til country/folkrock-stilen frå Harvest (1972) og det nådde sjuandeplassen på den amerikanske albumlista. Tilhengjarane Young hadde fått etter Harvest måtte vente seks og eit halv år for ein oppfølgjar, og dette albumet var det første albumet til Young på Topp 10 sidan Harvest.

Tittelsporet vart gjeven ut som singel frå albumet.

Produksjon

[endre | endre wikiteksten]

Albumet var opphavleg meint som eit album med berre Young solo, men då Young spelte det for sjefane i Reprise spurte dei han om han kunne leggje på rytmespor til det han alt hadde spelt inn og sluttproduktet vart Comes a Time. På to songar («Look Out For My Love» og «Lotta Love») vart han akkompagnert av Crazy Horse.

«Human Highway» vart skriven fleire år før albumet kom ut og vart opphavleg presentert for Crosby, Stills, Nash & Young i 1974 for eit føreslått studioalbum av gruppa som aldri vart noko av. På det mete av albumet syng Nicolette Larson harmonivokal. Ho syng òg solovokal i lag med Young på «Motorcycle Mama».[6] Nicolette Larson gav kort tid etter ut sin eigen versjon av «Lotta Love» frå albumet og fekk ein Topp 10-hit med denne.

I mange år gjekk det rykte om at Young personleg hadde kjøpt kring 200 000 vinylutgåver av Comes a Time fordi han var misnøgd med lyden på albumet, på grunn av ein skade som skjedde med masterlydbandet under frakta til miksestudioet. Versjonen som er mest tilgjengeleg i dag vart personleg miksa av Young frå ein tryggleikskopi av det originale masterlydbandet. I eit intervju i mars 2014 i Rolling Stone, hevda Young at han faktisk hadde brukt dei 200 000 LP-platene som tak på låven hans.[7]

Alle songar er skriven av Neil Young, utanom der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Goin' Back»4:43
2.«Comes a Time»3:05
3.«Look Out for My Love»4:06
4.«Lotta Love»2:38
5.«Peace of Mind»4:11
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Human Highway» 3:09
2.«Already One» 4:53
3.«Field of Opportunity» 3:08
4.«Motorcycle Mama» 3:08
5.«Four Strong Winds»Ian Tyson4:07

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
  • Neil Young – gitar, munnspel, vokal, produksjon
  • Frank Sampedro – gitar, piano, vokal (på spor 3 og 4)
  • Billy Talbot – bass, vokal (på spor 3 og 4)
  • Ralph Molina – trommer, vokal (på spor 3 og 4)
  • Tim Mulligan – saksofon
  • Nicolette Larson – harmoni- og solovokal (utanom på spor 3 and 4)
  • Ben Keith – steelgitar
  • Karl Himmel – trommer
  • Tim Drummond – bass
  • Spooner Oldham – piano
  • Rufus Thibodeaux – fele
  • Joe Osborn – bass
  • Larrie Londin – trommer
  • J. J. Cale – elektrisk gitar
  • Farrell Morris – perkusjon
  • Rita Fey – autoharpe
  • Bucky Barrett, Grant Boatwright, Johnny Christopher, Jerry Shook, Vic Jordan, Steve Gibson, Dale Sellers, Ray Edenton – akustisk gitar
  • Shelly Kurland, Stephanie Woolf, Marvin Chantry, Roy Christensen, Gary Vanosdale, Carl Gorodetzky, George Binkley, Steven Smith, Larry Harvin, Larry Lasson, Carol Walker, Rebecca Lynch, Virginia Christensen, Maryanna Harvin, George Kosmola, Martha McCrory, Chuck Cochran – strykarar
Teknisk
  • Ben Keith – produsent (utanom på spor 3, 4 og 8)
  • Tim Mulligan – produsent (utanom på spor 7)
  • David Briggs – produsent (på spor 3 og 4)
  • Tim Mulligan, Michael Laskow, David McKinley, Danny Hilley, Mike Porter, Denny Purcell, Rich «Hoss» Adler, Ernie Winfrey, Gabby Garcia, Paul Kaminsky – lydteknikar
  • Elliot Roberts – leiar
  • Tom Wilkes – kunstnarisk leiar
  • Coley Coleman – fotografi

Salslister

[endre | endre wikiteksten]
År Liste Plassering
1978 Billboard Pop Albums 7[8]
År Singel Liste Plassering
1978 «Four Strong Winds» Billboard Pop Singles 61[9]
  1. «Archived copy». Arkivert frå originalen 26. juli 2015. Henta 22. august 2017. 
  2. Ruhlmann, William. Comes a TimeAllmusic. Henta 26. februar 2019.
  3. Christgau, Robert. «Neil Young: Comes a Time > Consumer Guide Review». Robert Christgau. Henta 26. februar 2019. 
  4. Marcus, Greil (October 1978). «Neil Young Comes a Time > Album Review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. juni 2017. Henta 26. februar 2019. 
  5. Miles, Milo (23. januar 2003). «The Rolling Stone Hall of Fame: The Greatest Albums Ever Made: Neil Young Comes a Time > Album Review». Rolling Stone (914). s. 70. Arkivert frå originalen den 30. oktober 2007. Henta 26. februar 2019.  Posted at rollingstone.com 30. desember 2002.
  6. «Comes A Time». Rolling Stone. Henta 7. februar 2019. 
  7. «Neil Young on Pono, His New Album and Using LPs as Roof Shingles». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 25. juni 2018. Henta 26. februar 2019. 
  8. Comes a TimeAllmusic. Henta 26. februar 2019.
  9. Comes a TimeAllmusic. Henta 26. februar 2019.