Spooner Oldham
Spooner Oldham | |||
| |||
Fødd | 14. juni 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Center Star | ||
Fødenamn | Dewey Lindon Oldham, Jr. | ||
Alias | Spooner Oldham | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1960-åra til i dag | ||
Instrument | Orgel, piano, keyboard | ||
Tilknytte artistar | FAME Studios, Dan Penn | ||
Verka som | låtskrivar, pianist, komponist, songtekstforfattar, musikar | ||
Prisar | Rock and Roll Hall of Fame |
Dewey Lyndon «Spooner» Oldham (fødd 14. juni 1943)[1] er ein amerikansk låtskrivar og studiomusikar. Som organist spelte han inn musikk i Muscle Shoals i Alabama og ved FAME Studios på hitar som R&B-songane «When a Man Loves a Woman» av Percy Sledge, «Mustang Sally» av Wilson Pickett og «I Never Loved a Man» av Aretha Franklin.
Som låtskrivar slo Spooner Oldham seg i lag med Dan Penn for å skrive hittar som «Cry Like a Baby» (The Box Tops), «I'm Your Puppet» (James and Bobby Purify), «A Woman Left Lonely» og «It Tears Me Up» (Percy Sledge).
Oldham flytta etter kvart til Los Angeles og heldt fram som studiomusikar der for artistar som Bob Dylan, Delaney Bramlett, Willy DeVille, Joe Cocker, the Hacienda Brothers, Linda Ronstadt, Jackson Browne, Everly Brothers, Dickey Betts, J.J. Cale og Frank Black.
Han har ofte vore musikar for Neil Young og speler i konsertfilmen Neil Young: Heart of Gold og akkompagnerte Crosby, Stills, Nash & Young på «Freedom of Speech»-turneen deira.
4. april 2009 vart Oldham innlemma i Rock and Roll Hall of Fame som sidemann.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Spooner Oldham» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: