Edinburgh
Edinburgh | |||
Dùn Èideann | |||
by | |||
|
|||
Motto: Nisi Dominus Frustra «Ta imot Herren i forgjeves» | |||
Kallenamn: «Auld Reekie», «Athens of the North» | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Konstituerande land | Skottland | ||
Region | City of Edinburgh | ||
Distrikt | Sameint styresmakt | ||
Areal | 259 km² | ||
Folketal | 488 050 (2016) | ||
Grunnlagd | Før 600-talet | ||
Postnummer | EH | ||
Retningsnummer | 0131 | ||
Edinburgh 55°57′12″N 3°11′21″W / 55.953333333333°N 3.1891666666667°W | |||
Wikimedia Commons: Edinburgh |
Edinburgh (skotsk-gælisk Dùn Èideann) er hovudstad og den nest største byen (etter Glasgow) i Skottland. Administrativt utgjer han saman med omlandet regionen City of Edinburgh. Han ligg ved breidda av Firth of Forth.
Byen har vore hovudstad i Skottland sidan 1492, og er no sete for Parlamentet i Skottland, som vart gjenoppretta i 1999. Både den gamle og den nye byen vart tekne inn på verdsarvlista til UNESCO i 1995.
Namnet
[endre | endre wikiteksten]Ein meiner at namnet på byen kjem frå brittonsk Din Eidyn, Fortet til Eidyn. Dette stammar frå tida da området høyrte til Gododdin, i tidleg mellomalder.
Etter å ha vorte teken av anglarar frå Bernicia vart namnet endra til Edin-burh. Enkelte har hevda at dette tyder Edwin-fort, etter Edwin av Northumbria, men namnet ser ut til å vera frå før tida hans, og det er større grunn til å tru at det er ei forvansking av det brittonske namnet.
Byen har au kallenamnet Auld Reekie (Gamle røykfylte). Den neoklassiske arkitekturen og den skotske opplysningstida i det 18. hundreåret har gjeve han kallenamnet Det nordlege Athen. Ein forfattar har ymta om at Det sørlege Reykjavík hadde vore meir passande.
Det moderne gæliske namnet, Dùn Èideann, har òg vorte forvanska som Dunedin, eit namn byen til tider har gått under.
Mange skottar brukar kallenamnet Embra, og diktaren Robert Fergusson kalla byen Edina.
Det historiske senteret er delt i to av Princes Street Gardens. Mot sør er bybiletet dominert av Edinburgh slott, som står på eit vulkansk berg. Nedanfor slottet ligg gamlebyen, som fylgjer åsryggen. Mot nord ligg den nye byen. Parkanlegget vart påbegynt i 1816 på myrland som tidlegare hadde vore ein innsjø, Nor'Loch.
Hamna
[endre | endre wikiteksten]Hamna i Edinburgh ligg i Leith. Bydelen har ein særeigen karakter, og det var stor motstand då han vart innlemma i Edinburgh by, fordi han da vart knytt nærare til storbyen. Han er fortsatt ein eigen by, men blir administrert saman med Edinburgh.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Edinburgh er base for fleire verdskjende arrangement. Blant desse er Edinburghfestivalen, som er eit samleomgrep på eksplosjonen i festivalar som skjer i august kvart år - blant desse er Edinburgh Fringe Festival, Edinburgh Book Festival, Edinburgh Film Festival og Edinburgh Military Tattoo.
Folk frå Edinburgh
[endre | endre wikiteksten]- Sean Connery, skodespelar
- Irvine Welsh (f. 1958), forfattar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. (2024) |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Arkitekturen til Edinburgh Arkivert 2005-10-25 ved Wayback Machine. (engelsk)