Dessau-Roßlau
Dessau-Roßlau er ein by og ein kommune i Tyskland, hovudstad i delstaten Sachsen-Anhalt. Kommunen har etter samanslåing i 2007 nær 80 000 innbyggjarar på eit 245 km² vidt areal. Byen ligg der elvane Mulde og Elbe renn saman.
Dessau | |
---|---|
Cavalierstraße i Dessau rundt 1900 | |
Byvåpen | Plassering |
Styresmakter | |
Land Delstat Regierungsbezirk Landkreis |
Tyskland Sachsen-Anhalt Ingen Kreisfri by |
Først nemnd i | 1213 |
Geografi | |
Flatevidd - By |
182,81 km² |
Innbyggjarar - By (2007) - folketettleik |
77 394 423/km² |
Koordinatar | 51°50′0″N 12°15′0″E / 51.83333°N 12.25000°E |
Høgd over havet | 61 m |
Tidssone - Ved sommartid |
CET (UTC+1) CEST (UTC+2) |
Diverse annan informasjon | |
Postnummer | 06811-06849 |
Telefon-retningsnummer | 0340 |
Bilnummer | DE |
Heimeside: www.dessau.de |
Geografi
endreDessau ligg på ei stor elveslette der elvane Mulde og Elbe renn saman. Den verste flaumen i området fann stad i 2002, då bydelen Waldersee nesten vart heilt overfløymd. Sørlege delar av Dessau grensar til eit skogkledd område kalla Mosigkauer Heide. Det høgaste punktet er 110 meter og er ein tidlegare søppelhaug kalla Scherbelberg sørvest for Dessau. Dessau er omringa av mange parkar og palass som gjer Dessau til ein av dei grønaste i Tyskland.
Historie
endreDessau vart først nemnd i 1213. Han vart eit viktig senter i 1570 då fyrstedømet Anhalt vart grunnlagt. Dessau vart hovudstad i denne staten innanfor Det tysk-romerske riket. Anhalt vart oppløyst i 1603, men Dessau vart verande ein velståande by og vart hovudstad i miniputtstaten Anhalt-Dessau. Då Anhalt gjenforeint i 1863 vart Dessau igjen hovudstad fram til 1918. Dessau er kjend for arkitekturskulen Bauhaus. Han vart flytta her i 1925 etter at han måtte legga ned i Weimar. Mange kjende kunstnarar underviste i Dessau dei neste åra, som Walter Gropius, Paul Klee og Vasilij Kandinskij. Nazistane stengde Bauhaus i 1931 og han vart ikkje opna att før i 1986.
Ein fabrikk i byen lagde utrusting til Luftwaffe, og av den grunn utførte dei allierte kraftige bombeåtak under den andre verdskrigen, som nesten jamna byen med jorda. Etter krigen vart byen bygd opp at med typiske DDR-bygningar av betongklossar, og han vart eit stort industrisenter i Aust-Tyskland. Etter gjenforeininga av Tyskland vart mange historiske bygningar bygd opp att.
Komponisten Kurt Weill vart fødd i Dessau, og sidan 1993 har byen halde ein årleg Kurt Weill-festival. Dessau var òg fødestad for filosofen Moses Mendelssohn (i 1729) og Leopold I av Anhalt-Dessau (der alte Dessauer), ein lovprisa feltmarskalk for Preussen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Dessau» frå Wikipedia på engelsk, den 19. juni 2007.