[go: up one dir, main page]

Den tyske demokratiske republikken

(Omdirigert frå DDR)
Deutsche Demokratische Republik
Den tyske demokratiske republikken
DDRs flagg DDRs statsvåpen
Nasjonalt motto: ikkje noko
Offisielt språk Tysk
Hovudstad Berlin (Aust-Berlin)
Flatevidd 108 333 km2
Folkesetnad
 - Totalt
 - Tettleik

17 000 000
154/km2
Grunnlegging: 7. oktober 1949
Samling av Tyskland 3. oktober 1990
Valuta (Ost)Mark
Tidssone UTC +1
Nasjonalsong Auferstanden aus Ruinen
Internett TLD .dd

Den tyske demokratiske republikken (tysk Deutsche Demokratische Republik, DDR). Uformelt vart landet òg kalla «Aust-Tyskland». Aust-Tyskland er ei nemning som òg kan verta nytta i omtale av dei tidlegare austlege tyske provinsane. Dei austlegaste tyske provinsane låg i hovudsak aust for DDR. I Vest-Tyskland kunne DDR verta referert til som «Midt-Tyskland», «SBZ» eller «såkalla DDR».

DDR var ein totalitær kommuniststat med drag av stalinisme. Kontrollen med befolkninga skjedde i stor grad ved eit omfattande overvakingssystem.

Landet vart utgjort av den delen av Tyskland som vart okkupert av Sovjetunionen etter den andre verdskrigen. På tysk var nemninga på sona Sowjetische Besatzungszone;SBZ. DDR eksisterte frå 7. oktober 1949 til 3. oktober 1990. Hovudstad var Aust-Berlin. Staten var i utgangspunktet ikkje anerkjend av Vest-Tyskland, og heller ikkje av Tyskland sine vestlege allierte. Som fylgje av den omstridde austpolitikken til sosialdemokraten Willy Brandt vart DDR til slutt anerkjend av NATO-landa. Mellom anna Noreg anerkjende DDR i 1974.

Etter at regima i Warszawapakta fall saman vart DDR sitt landområde ein del av eit sameint Tyskland. Helmut Kohl vert gjeven mykje av æra for samlinga av Tyskland. Mange av DDR sine tidlegare leiarar og medløparar vart stilte for retten av styresmaktene i det samla Tyskland. Tiltala vart gjort på grunn av landssvik og for brotsverk under den kalde krigen. Mellom anna vart fleire som prøvde å flykta frå DDR drepne. DDR sin siste kommunistiske leiar, Egon Krenz, vart jula 2003 frigjeven frå Plötzensee-fengselet i Berlin.

Kart over Tyskland med DDR avmerkt
Kart over DDR med regionar frå 1952

Sjå òg

endre