Aust-Tyskland
- For artikkelen om den austtyske staten, sjå Den tyske demokratiske republikken.
Aust-Tyskland er det geografiske området som, frå 7. oktober 1949 til 3. oktober 1990, låg under den kommunistiske statsdanninga Den tyske demokratiske republikken (DDR, Deutsche Demokratische Republik).
I dag er det framleis eit stort økonomisk skilje mellom Aust- og Vest-Tyskland; mellom anna er arbeidsløysa i aust langt høgare enn i vest. Denne, og mange fleire faktorar er med på å oppretthalde nemningane Aust- og Vest-Tyskland.