[go: up one dir, main page]

Foto av fem personar i treningsklede. De står på ein rad og strekk den høgre arma over hovudet. Det venstre beinet har dei løfta opp lagt på eit rekkverk som er festa til veggen omtrent på høgde med livet deira.
Kunstnarar som driv med dans blir ofte kalla dansarar. Her tøyer ei gruppe i eit dansestudio. Rekkverket langs veggen heiter barre.
Foto av dansere
Av /Getty Images.

Dans er å bevege kroppen, gjerne til musikk. Når ein dansar, beveger ein seg ofte i ein rytme.

Dans kan vere kunst, underhaldning, trening og leik. Ulike land og kulturar har gjerne ulike tradisjonar og typar dans.

Ein kan vere profesjonell dansar, og ha dans som jobb, men ein kan også ha dans som hobby.

Ulike typar dans

Det finst mange typar dans og dansestilar. Nokre eksempel er

  • ballett
  • hiphop
  • freestyle
  • sportsdans
  • folkedans
  • samtidsdans
  • moderne dans
  • zumba
  • cheer dance
  • sportsdrill

Ulike dansestilar brukar kroppen og musikk på ulike måtar, og kan difor sjå ganske ulike ut.

Dans som kunst og underhaldning

Dans kan vere underhaldning eller kunst, for eksempel kan ein sjå ballett på ei scene. Dans kan brukast til å fortelje historier, vise fram situasjonar på ein ny måte eller utforske kjensler.

Dans er også mykje brukt i film, musikal og på TV. Mange musikarar har dansarar med seg på scena, for å gjere konsertane meir underhaldande.

Dans som fritidsaktivitet

Ein kan ha dans som fritidsaktivitet. Ein kan danse berre for gøy, eller ein kan trene meir målretta. Ulike dansetilbod har ofte ulike formål. Nokre trenar for å bli best og delta i konkurransar. Andre er meir opptekne av å ha det kjekt med dans og bevegelse, saman med andre.

Ein kan lære dans frå ein instruktør eller ein dansepedagog. Ein dansepedagog er éin som har studert, eller jobba, for å bli lærar i dans.

Dansetrening kan ein finne fleire stader, som

  • på eigne danseskular
  • på kulturskular som tilbyr dansetimar
  • på dansetimar på treningssenter
  • hjå organisasjonar som legg til rette for aktivitet, for eksempel Dans Uten Grenser
  • i idrettslag

Dans som utdanning og jobb

Ein kan jobbe med dans på ulike måtar. Ein kan jobbe som dansar og framføre dansane på ei scene. Ein kan skape og arrangere dansar, då arbeider ein som koreograf.

Det er ulike måtar å bli dansar på, og ulike utdanningar for dansarar. Ein kan starte ei utdanning i dans på vidaregåande skule, om ein vel linja musikk, dans og drama. Der har ein vanlege fag som norsk og matte, men også eigne fag, knytt til dans. Over 20 vidaregåande skular i Noreg har dansefag.

Ein kan også gå på danselinje på folkehøgskule, eller ein kan studere dans ved ulike akademi, høgskular eller universitet.

Dansens dag er 29. april.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anne Margrete Fiskvik
Professor, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet