Brus er ein søt drikk med bobler i, som finst i mange ulike smakar. Han heiter brus fordi han brusar.
Å lage brus
Brus med sukker blir laga ved å blande vatn, sukker og smak. Smaken kjem ofte frå saft. Som regel er det svært mykje vatn og sukker, og ganske lite saft. Til slutt blir det tilsett ein gass som heiter karbondioksid. Når gassen blir blanda med væska, skjer det ein kjemisk reaksjon, og det blir danna kolsyre. Kolsyra gjer at det blir danna tusenvis av bitte små bobler.
I dag blir det selt meir sukkerfri brus enn brus med sukker. Den søte smaken kjem då frå kjemiske stoff.
Helseråd
Brus er skadeleg for tennene, på grunn av syra som er i all brus. Det er heller ikkje sunt å få i seg mykje sukker. Viss ein drikk mykje brus med sukker, kan ein få hol i tennene.