[go: up one dir, main page]

Lutzgran er ein hybrid mellom sitkagran og kvitgran. Lutzgran høyrer heime i British Columbia i Canada og på Kenai-halvøya i Alaska.

Faktaboks

Etymologi

Oppkalt etter skogøkologen Harold J. Lutz, professor ved Yale University.

Også kjend som
Picea x lutzii
Vitskapeleg namn
Picea ×lutzii
Beskriven av
Elbert Luther Little
Framandartstatus i Noreg
SE – Svært høy risiko

Lutzgran vart innført til Noreg i plantningar langs kysten på grunn av god vind- og salttoleranse. Lutzgran liknar mykje på sitkagran, og det er derfor ikkje mogleg å seie kva for art som har vore bruka ved dei mange plantingane i Noreg. Tilplanta areal med sitkagran og lutzgran til saman er på cirka 500 000 dekar. I Fremmedartslista til Artsdatabanken er det gjort ei samla vurdering av lutzgran og sitkagran. Dei blir rekna for å ha stort spreiingspotensial og høg grad av påverknad på naturlege økosystem, og er ført til kategorien svært høg risiko (SE).

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Pinophyta nakenfrøete planter, nakenfrøingar
Klasse Pinopsida bartrær
Orden Pinales furuordenen
Familie Pinaceae furufamilien
Slekt Picea granslekta
Art Picea ×lutzii lutzgran

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Picea ×lutzii
Tidlegare vitskapleg namn
Picea lutzii, Picea x lutzii, Picea xlutzii
Artsdatabanken-ID
103812
GBIF-ID
5284875

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg