[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Eige namn
sørkoreansk 한국말 hanɡuŋmal, 한국어 hanɡuɡʌ; nordkoreansk 조선말 ɟozʌnmal, 조선어 ɟozʌnʌ
Norsk namn
koreansk
Engelsk namn
Korean
Etymologi

adjektivet koreansk er danna av landsnamnet Korea, som er lånt frå koreansk 고려 | 高麗 ɡoljʌ [ɡ̊oɾjʌ] (også transkribert Koryŏ / Goryeo), det offisielle namnet på Korea frå 918 til 1394

Uttale
koreˈansk
Status

Offisielt språk i Sør-Korea og Nord-Korea og offisielt språk attåt mandarin i 연변 조선족 자치주 | 延边朝鮮族自治州 jʌnbjʌn ɟozʌnɟoɡ ɟacʰiɟu 'Yeonbyeon koreanske sjølvstyrte område' i Folkerepublikken Kina.

Land

Sør-Korea, Nord-Korea og Kina

Førstespråksbrukarar
Nærmare 82 millionar (2020)
Andrespråksbrukarar
19 millionar
Skriftsystem

Koreansk skrift, kalt 한글 hanɡɯl (hangŭl / hangeul) i Sør-Korea og 조선글 ɟozʌnɡɯl (chosŏngŭl / joseongeul) i Nord-Korea. I Sør-Korea blir enkelte ord også skrivne med kinesiske teikn (잔자 | 漢字 hanɟa)

Språkkodar
ko, kor (KO, KOR)
ISO-639:3
kor

Koreansk er nasjonalspråket i Nord- og Sør-Korea. Det blir rekna som eit språkisolat, men kan vere i slekt med japansk. På koreansk har språket ulike namn i Sør-Korea og Nord-Korea:

  • I Sør-Korea: 한국말 hanɡuŋmal og 한국어 | 韓國語 hanɡuɡʌ
  • I Nord-Korea: 조선말 ɟozʌnmal og 조선어 ɟozʌnʌ

Koreansk er førstespråket til nærmare 82 millionar menneske (2020), først og fremst i desse tre landa:

  • Sør-Korea: 50 millionar
  • Nord-Korea: 25,4 millionar
  • Kina (ved grensa til Nord-Korea): 2,7 millionar

Resten bur i andre land rundt om i verda — flest i USA (1 million), Japan (825 000), Canada (204 000) og Saudi-Arabia (173 000).

Koreansk er det einaste offisielle språket i Sør-Korea og Nord-Korea og det offisielle ved sida av mandarin i 연변 조선족 자치주 | 延边朝鮮族自治州 jʌnbjʌn ɟozʌnɟoɡ ɟacʰiɟu 'Yeonbyeon koreanske sjølvstyrte område' i Folkerepublikken Kina.

Språkfamilie

Koreansk er ikkje nærskyldt med andre språk, og språkforskarane er usamde om klassifiseringa. Språket kan ha ein fjern skyldskap med japansk. Strukturelt har det mange felles drag med japansk.

Skrivemåten av koreanske ord

Koreansk blir skrive med to skriftsystem:

  • koreansk skrift, kalt 한글 hanɡɯl i Sør-Korea og 조선글 ɟozʌnɡɯl i Nord-Korea
  • kinesiske teikn, på koreansk hanɟa, som blir skrive 한자 med koreansk skrift og 漢字 med kinesiske teikn. Kinesiske teikn blir berre brukte i Sør-Korea, og berre for enkelte ord i ein tekst som elles er skriven i koreansk skrift. I Nord-Korea gjekk dei kinesiske teikna av offisiell bruk i 1949.

I tillegg er koreanske ord gjennom heile denne artikkelen skrivne i latinske bokstavar, i ein fonemisk transkripsjon frå Handbook of the International Phonetic Association. Ordet som tyder 'kinesisk teikn', blir med andre ord her skrive på tre måtar:

  • koreansk skrift: 한자
  • kinesiske teikn: 漢字
  • fonemisk transkripsjon: hanɟa

Når både koreansk skrift og kinesiske teikn er tekne med i denne artikkelen som skrivemåte av dei same orda, er dei skilde med ein loddrett strek, som i 한자 | 漢字 hanɟa.

I avsnittet Romanisering blir to andre transkripsjonar presenterte.

Nokre få stader er det brukt translitterasjon til det latinske alfabetet, skriven i vinkelparentesar, ⟨…⟩, for å gi att skrivemåten av koreanske ord bokstav for bokstav, fordi transkripsjonane gir att uttalen av dei koreanske orda. Koreansk rettskriving gir ikkje att uttalen direkte, som til dømes ordet for 'kylling' viser:

  • koreansk skrift: 닭
  • translitterasjon: ⟨dalɡ⟩
  • fonemisk transkripsjon: daɡ

Språkhistorie

I 1446 blei det offentleggjort ei alfabetisk skrift i Korea, i dokumentet 훈민정음 | 訓民正音hunmin-ɟʌŋ-ɯm 'dei rette lydane for opplæring av folket'. Skrifta, i dag kalla 한글 hanɡɯl i Sør-Korea og 조선글 ɟozʌnɡɯl i Nord-Korea, blei skapt av kong Sejong den store (1397–1450) — 세종대왕 | 世宗大王 zeɟoŋ dɛwaŋ. Kong Sejong meinte at ein ikkje kunne lære folket å lese og skrive med kinesiske teikn, som til då hadde vore einerådande i landet.

Mange lærde motarbeidde den nye skrifta, og då kong Sejong døydde, blei ho lenge berre brukt av kvinner og ulærde. I 1894 blei det vedteke at offisielle dokument skulle skrivast i 한글 hanɡɯl (nordkoreansk 조선글 ɟozʌnɡɯl). Sørkoreanske tekstar er framleis skrivne i ei blanding av kinesiske teikn og 한글 hanɡɯl. Nord-Korea vedtok å avskaffe kinesiske teikn i 1949.

Skilnader mellom nordkoreansk og sørkoreansk

Enkelte ord er ulike i dei to delane av Korea, mellom anna fordi dei to landa brukar forskjellige namn på Korea:

Tyding Nordkoreansk Sørkoreansk
Korea 조선 ɟozʌn 한국 | 韓國 hanɡuɡ
Nord-Korea 북조선 buɡɟozʌn 북한 | 北韓 bukʰan
Sør-Korea 남조선 namɟozʌn 남한 | 南韓 namhan
koreansk språk 조선말 ɟozʌnmal / 조선어 ɟozʌnʌ 한국말 hanɡuŋmal / 한국어 | 韓國語 hanɡuɡʌ
koreanar 조선 사람 ɟozʌn zalam 한국 사람 hanɡuɡ zalam

I Nord-Korea har ein lånt ein god del ord frå russisk som ikkje er lånt inn i Sør-Korea, som derimot har lånt store mengder ord frå vestlege språk, i første rekkje frå engelsk. Talet på engelske lånord er truleg høgare enn 10 000. Nokre eksempel er 카메라 kʰamela frå engelsk camera og 쇼핑 zjopʰiŋ frå engelsk shopping.

Språksystem

For 2000 år sidan tok koreansk til å låne ord frå kinesisk, og dei utgjer i dag 60 prosent av ordtilfanget. Resten er 35 prosent gamle koreanske ord og 5 prosent lånord frå andre språk, særleg engelsk. Frå norsk kjem 스키 sɯkʰi 'ski'. På 600-talet blei det vedteke at alle stadnamn skulle få ei slik form at dei kunne skrivast med to kinesiske teikn, og den forma har dei framleis. Den nordkoreanske hovudstaden Pyeongyang 평양 pʰjʌŋjaŋ blir skriven 平壤 med kinesiske teikn. Den sørkoreanske hovudstaden Seoul 서울 zʌul er eitt av dei få stadnamna i Korea som ikkje har ein skrivemåte med kinesiske teikn.

Det høviske spelar ei uvanleg stor rolle i koreansk grammatikk og ordtilfang. Språket har to ord for 'eg': Eit vakse menneske brukar 저 ɟʌ til eldre eller jamgamle og 나 na til yngre vaksne eller born. Det finst ikkje mindre enn seks ord for 'du', 'De'. 'Det regner' kan seiast på seks måtar, etter om ein vil uttrykkje seg nøytralt, fortruleg, familiært, endeframt, høfleg eller respektfullt.

Uttale

Koreansk har ti monoftongar og tolv diftongar. Tabellen viser monoftongane, skrivne i koreansk skrift og i fonemisk transkripsjon. I den koreanske skrifta er vokalteikna kombinerte med ㅇ, som står fremst i ei staving som ikkje begynner med ein konsonant:

- fremre urunda fremre runda bakre urunda bakre runda
trong 이 i 위 y 으 ɯ 우 u
midtre 에 e 외 ø 어 ʌ 오 o
open 애 ɛ - 아 a -

Her er dei 12 diftongane: 예 je, 얘 , 야 ja, 요 jo, 유 ju, 여 , 위 wi, 웨 we, 왜 , 와 wa, 워 , 의 ɯi. I Seoul har fonemet ᅬ ø blitt til diftongen we, slik at 외 og 웨 blir uttalte på same måte. Vokalen ᅥʌ er ofte realisert som [ɔ].

Språket skil mellom korte og lange vokalar, til dømes mal 'hest' mot maːl 'tale', men i skriftspråket kjem ikkje denne skilnaden fram, slik at begge orda blir skrivne 말 ⟨mal⟩. Skilnaden i vokallengd er til vanleg heller ikkje nemnd i ordbøker og lærebøker for utlendingar.

Her er konsonantane i koreansk (merk forkortingane p/a for plosiv/affrikat og fr for frikativ):

- labial alveolar postalveolar velar glottal
lenis p/a ㅂ b ㄷ d ㅈ ɟ ㄱ ɡ -
fortis p/a ㅃ p ㄸ t ㅉ c ㄲ k -
aspirert p/a ㅍ pʰ ㅌ tʰ ㅊ cʰ ㅋ kʰ -
lenis fr - ㅅ z - - ㅎ h
fortis fr - ㅆ s - - -
nasal ㅁ m ㄴ n - ㅇ ŋ -
likvid - ㄹ l - - -

b, d, ɟ, ɡ, z er stemde mellom stemde lydar (nasalar, likvidar, vokalar), og elles ustemde og svakt aspirerte – som i desse døma:

  • 고기 ɡoɡi [ɡ̊oɡi] 'kjøt'
  • 바보 babo [b̥abo] 'idiot'

p, t, c, k, s er uaspirerte, fortis (med kraftig uttale) og med delvis lukka glottis.

I slutten av ei staving finst det berre éin type plosivar, ikkje tre typar, som elles, og fonemisk blir dei skrivne b d ɡ, og fonetisk [p˺ t˺ k˺]. Dei er ustemde og utan plosjon:

  • buɡ [b̥uk˺] 'nord'
  • 답 dab [d̥ap˺] 'svar'

Ortografisk finst alle dei tre typane plosivar og affrikatar (lenis, fortis, aspirert) i slutten av ein staving. Fonemet t [t˺] i slutten av ei staving svarer ortografisk ikkje berre til ㄷ⟨d⟩, ㄸ⟨t⟩ og ㅌ ⟨tʰ⟩, men også til ㅅ ⟨z⟩, ㅆ ⟨s⟩, ㅈ ⟨ɟ⟩, ㅉ ⟨c⟩ og ㅊ ⟨cʰ⟩.

Framfor ein i eller ein j er ㅅ z og ㅆ s prepalatale:

  • 심발 zimbal [ʑ̥imbal] 'fottøy, sko'
  • 씨름 silɯm [ɕiɾɯm] '(koreansk) bryting'

På koreansk er [r] og [l] variantar av det same fonemet, og dei blir skrivne med same bokstaven, ㄹ:

  • ɡul [ɡ̊ul] 'tunnel',
  • 머리 mʌli [mʌɾi] 'hovud'
  • 발란 ballan [b̥allan] 'mytteri, opprør'
  • 열둘 jʌldul [jʌldul] 'tolv'
  • 라컷 lakʰed [ɾakʰet˺] 'rakett'

ㄹ l blir uttalt som [ɾ] mellom vokalar og mellom vokal og h. I andre samanhengar er uttalen [l]. Dobbel ll blir uttalt [ll]. Fonemet finst fremst i ord berre i lånord, og blir då uttalt [ɾ].

Skrift

Koreanarane fekk sannsynlegvis kjennskap til kinesisk skrift før tidsrekninga vår. Den eldste overleverte teksten på kinesisk skriven av koreanarar stammar frå 414 evt. Koreanarane utvikla fleire ulike system til å skrive koreansk med kinesiske teikn. Sjølv etter innføringa av det koreanske alfabetet på 1400-talet heldt klassisk kinesisk fram med å vere det føretrekte skriftspråket blant den intellektuelle eliten, og det dominerte den koreanske skriftkulturen heilt fram til byrjinga av 1900-talet.

Det koreanske alfabetet, 한글 hanɡɯl (Nord-Korea 조선글 ɟozʌnɡɯl), vart oppfunne midt i 1440-åra. Det er kulturhistorisk oppsiktsvekkjande av fleire grunnar. Skrift utviklar seg vanlegvis over lang tid. Dei aller fleste eksisterande skriftsystem har oppstått frå andre skriftsystem. Hangeul er derimot eit resultat av medviten planlegging. Den koreanske kongen Sejong (세종 seɟoŋ), ein av Koreas nasjonalheltar, peika i 1440-åra ut ein komité til å utvikle eit skriftsystem eigna til å skrive koreansk med. Koreansk er ulikt frå kinesisk og lèt seg ikkje så lett skrive med kinesiske teikn: Den omfattande bøyings- og avleiingsmorfologien gjer at logografisk skrift er upraktisk. Vidare er talet på ulike stavingar stort, og stavingsskrift ville krevje bruk av mange skriftteikn.

Hangeul vart offentleggjort i 1446 under namnet 훈민정음 | 訓民正音 hunmin ɟʌŋɯm 'dei korrekte lydane til instruksjon av folket', som speglar det folkeopplysande siktemålet med skrifta. 한글 hanɡɯl / ɟozʌnɡɯl er ei seinare nemning.

Koreansk blir skrive tradisjonelt i kolonnar, ovanfrå og ned, frå høgre mot venstre, men i dag blir mange tekstar skrivne vassrett, frå venstre mot høgre.

Utforming

한글 hanɡɯl består av nokre få grafiske element som blir sette saman etter enkle prinsipp, og byggjer på ein nøyaktig og sofistikert fonologisk analyse av det samtidige koreanske språket. Det blir spegla i ein viss grad i utforminga av bokstavane; prinsippa for dette er beskrivne i verket 훈민정음 해례 | 訓民正音解例 hunmin ɟʌŋɯm hɛlje 'Forklaring og eksemplifisering av hunmin cheongeum' frå 1446.

Vokalbokstavane blir utgjorde av (kombinasjonar av) ein loddrett og ein vassrett strek og ein prikk. Det blir hevda at desse symboliserer dei tre viktigaste elementa til naturen, høvesvis menneske, jord og himmel. Plasseringa til prikken i forhold til strekane viser vokalkvalitet og tilhøyrsle i vokalharmonisystemet. I dag er prikken erstatta av ein kort strek.

Konsonantbokstavane er stiliserte illustrasjonar av taleorgana og stillingane deira. Det blir skilt grunnleggjande mellom velare, postalveolare, alveolare, labiale og glottale lydar. Bokstavane blir ikkje skrivne lineært, den eine etter den andre, men blir sette saman i blokker som kvar utgjer ei staving: 가 ɡa, 감 ɡam, 강 ɡaŋ, 고 ɡo, 곰 ɡom, 공 goŋ, 괌 ɡwam, 걈 ɡjam.

Skrifta kombinerer fordelane ved ein enkeltlyds- og ei stavingsskrift, og koreanarane fekk ein særs effektiv reiskap til å skrive sitt eige språk. 한글 hanɡɯl / 조선글 ɟozʌnɡɯl og stoltheita over denne skrifta spelar ei stor rolle i det koreanske sjølvmedvitet.

Bruk av kinesisk skrift

I moderne koreansk blir 한자 | 漢字 hanɟa 'kinesisk skrift' berre brukt i Sør-Korea, og berre til å skrive sino-koreanske ord (lånord frå kinesisk) og stads- og personnamn. Etter den andre verdskrigen har hanɟa spela ei stadig mindre rolle i Korea. I Sør-Korea er bruken av hanja i dag avgrensa til aviser og fagprosa; i skjønnlitteratur, skulebøker og liknande blir for det meste brukt 한글 hanɡɯl. I skulen lærer sørkoreanarane i dag cirka 1800 kinesiske teikn. I Nord-Korea vart bruken av hanja i offisielle skriv avskaffa i 1949.

Lånord frå koreansk

Kampsporten taekwondo kjem frå Korea, der han heiter 태권도 / 跆拳道 tʰɛkwʌndo 'spark-knyttneve-vegen', eit ord som er samansett av 태 | 跆 tʰɛ 'spark' (for fotteknikk), 권 | 拳 ɡwʌn 'knyttneve' (for hand- og armteknikk) og 도 | 道 do 'veg' (for 'metode').

Sporten skal vere oppfunnen av general Choe Honghui 최홍희, 崔泓熙 cʰø hoŋhɯi (1918–2002), som i 1955 gav sporten namn, men kampsport har ein minst 1500 år gamal tradisjon i Korea.

Romanisering

For eit språk som ikkje blir skrive med det latinske alfabetet, trengst det ei internasjonal romanisering — eit system for å skrive dette språket med latinske bokstavar. Mens til dømes mandarin har fått eit system som har slått igjennom internasjonalt — pinyin 拼音 pīnyīn — og som etter kvart har blitt nærmast einerådande, er ikkje stoda slik for koreansk. Det finst fleire system i bruk.

I lærebøker i koreansk er den vanlegaste romaniseringa McCune-Reischauer (1939), mens lingvistar stort sett føretrekkjer det meir systematiske og teoretiske Yale-systemet. I tillegg har styresmaktene i Sør-Korea og Nord-Korea sine eigne system, høvesvis frå 1992 og 2000. Tidleg på 1990-talet prøvde dei to statane å kome fram til eit sams system, utan å kome heilt i mål. Desse offisielle systema er laga med utgangspunkt i McCune-Reischauer.

Nedanfor følgjer ei samanlikning mellom den fonemiske transkripsjonen som er nytta i denne artikkelen, McCune-Reischauer og det offisielle sørkoreanske systemet. I den første tabellen nedanfor er skrivemåten av monoftongane samanlikna. Etter den koreanske skrifta og den fonemiske transkripsjonen følgjer McCune-Reischauer og det offisielle sørkoreanske systemet.

fremre urunda fremre runda bakre urunda bakre runda
trong 이 i / i / i 위 y / wi / wi 으 ɯ / ŭ / eu 우 u / u / u
midtre 에 e / e / e 외 ø / we / oe 어 ʌ / ŏ / eo 오 o / o / o
open 애 ɛ / ae / ae - 아 a / a / a -

Her er ei samanlikning av diftongane, der FT = fonemisk transkripsjon, MR = McCune-Reischauer og RR = revidert romanisering (det offisielle sørkoreanske):

-
FT je ja jo ju wi we wa ɯi
MR ye yae ya yo yu wi we wae wa ŭi
RR ye yae ya yo yu yeo wi we wae wa weo ui

Den siste tabellen viser samsvaret mellom skrivemåten av konsonantane. Når alle transkripsjonane er like, står det berre éin bokstav, til dømes ㅁ m. Når MR og RR er like, står det berre éin skrivemåte etter skråstreken, til dømes ㅇ ŋ / ng. Som tabellen viser noterer MR og RR i nokre tilfelle ulike allofonar (uttalevariantar) av same fonem, og då er allofonane skilde med ~, til dømes ㄹ l / l~r.

- labial alveolar postalveolar velar glottal
lenis p/a ㅂ b / p~b / b ㄷ d / t~d / d ㅈ ɟ / ch~j / j ㄱ ɡ / k~g / g -
fortis p/a ㅃ p / pp ㄸ t / tt ㅉ c / tch / jj ㄲ k / kk -
aspirert p/a ㅍ pʰ / p’ / p ㅌ tʰ / t’ / t ㅊ cʰ / ch’ / ch ㅋ kʰ / k’ / k -
lenis fr - ㅅ z / s~sh - - ㅎ h
fortis fr - ㅆ s / ss~ssh - - -
nasal ㅁ m ㄴ n - ㅇ ŋ / ng -
likvid - ㄹ l / l~r - - -

Her er nokre koreanske namn i dei ulike skriftsystema:

Koreansk skrift FT MR RR norsk namn
서울 zʌul Sŏul Seoul Seoul
평양 pʰjʌŋjaŋ P'yŏngyang Pyeongyang Pyongyang
윤석열 jun zʌkjʌl Yun Sŏkyŏl Yun Seokyeol Yoon Suk-yeol
김정은 ɡim ɟʌŋɯn Kim Chŏng-ŭn Gim Jeong-eun Kim Jong-un
박정희 baɡ ɟʌŋhɯi Pak Chŏnghŭi Bak Jeonghui Park Chung-hee
이승만 i zɯŋman I Sŭngman I Seungman Syngman Rhee
현대 hjʌndɛ Hyŏndae Hyeondae Hyundai
삼성 zamzʌŋ Samsŏng Samseong Samsung

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Langenscheidt Pocket Dictionary Korean: Korean-English/English-Korean (Langenscheidt Pocket Dictionaries). 2022.
  • Lee Hyun Bok. Korean. S. 120–123 I: Handbook of the International Phonetic Association. A guide to the use of the International Phonetic Alphabet. Cambridge: Cambridge University Press. 1999.
  • Martin, Samuel E. and Young-Sook C. Lee. Beginning Korean. New Haven and London: Yale University Press. 1969.
  • Sohn, Ho-Min. The Korean Language. Cambridge: Cambridge University Press. 1999.
  • Yeon, Mark Vincent og Jaehoon Yeon. Complete Korean Beginner to Intermediate Course: Learn to read, write, speak and understand a new language (Teach Yourself Language). 3rd Edition. 2012.

Kommentarar (3)

skreiv Ole Martin Halck

Denne artikkelen har tre forskjellige stavemåter for skriftspråket («hangeul», »hangeu», »hangŭl»), mens SNLs egen artikkel om dette velger «hangul». Bør dette harmoniseres?

svarte Rolf Theil

Hei! Takk for kommentaren. Eg har retta til hangeul i språkartikkelen. Det var to artiklar som blei slegne i hop, og så hadde ikkje alt blitt harmonisert. Når det gjeld artikkelen om hangeul, skal eg ta det opp med artikkelforfattarane. Dei eller eg må endre translitterasjon!

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg