[go: up one dir, main page]

Illustrasjon av betastråler samt beta-henfall.
Døme på betastråling. Ei atomkjerne kan sende ut betastråling (elektron) via beta-sundfall. Dette kan oppstå ved at eit nøytron blir omdanna til eit proton, eit elektron samt eit nøytrino (streng teke eit anti-nøytrino).
Illustrasjon av betastråler samt beta-henfall.
Lisens: CC BY SA 3.0

Betastråling er stråling som består av elektron. Betastrålar er den delen av strålar frå radioaktive stoff som lettast lèt seg avbøye i magnetiske felt.

Faktaboks

Uttale
bˈeta-stråler
Også kjend som
β-stråler

Det var Henri Becquerel som påviste i 1900 at partiklane i betastrålane (beta-partiklane) var elektron.

Fysisk skildring

Utsending av betastrålar kan finne stad når eit nøytron blir omdanna (fell sund) til eit proton, eit elektron og eit nøytrino som vist i figuren. Dette blir kalla beta-sundfall. Det er òg påvist tilsvarande stråling av positivt lada partiklar frå kunstig radioaktive stoff, såkalla positron.

Strålar av elektron og positron blir karakteriserte som høvesvis β−-strålar og β+-strålar (negative betastrålar og positive betastrålar).

Bruksområde

Betastråling blir mellom anna brukt innanfor medisin, til ulike typar kreftbehandling, og dessutan innanfor industri, for å slå fast tjukkleiken til ulike materiale basert på kor mykje betastråling som blir absorbert.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Knut Hofstad

Hvorfor skrives beta-stråler med bindestrek. Alfastråler skrives uten bindestrek se egen artikkel. I artiklene om cesium og elektronstråler blir betastråler skrevet uten bindestrek. Jeg foreslår at artikkelnavnet endres til betastråler. Da blir det konsekvent og i overensstemmelse med norske regler for sammenstilling av to ord til nytt ord (det heter julekake ikke jule-kake).

skreiv Jan Olav Eeg

Vel,- på norsk er det nok mest korrekt å skrive : "betastråler"

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg