[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Olav Kringen
Fødd
24. juli 1867, Vågå, Sel
Død
6. oktober 1951, Oslo
Verke
Politikar og journalist
Familie

Foreldre: Husmann Ole Olsen Kringeneie (1840–1917) og Anne Johannesdotter Kringen (1846–1930).

Gift med Kristiane Larsen (f. 22.3.1883), dotter til Andreas Larsen (1843–1923) og Kristine Larsen (1849–1936).

Olav Kringen

Foto 1915. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Olav Kringen
Av /NTB Scanpix ※.

Olav Kringen var ein norsk journalist og politikar. Kringen var med på stiftinga av Den andre internasjonale i 1900, var redaktør og medarbeidar i mange norsk og utanlandske sosialistiske tidsskrift. Han omsette Internasjonalen til norsk.

Bakgrunn

Kringen voks opp på plassen Kringeneie under garden Kringen i Sel. I unge år arbeidde han som fløytar, tømmerhoggar og gardsarbeidar, men alt som 20-åring reiste han til USA og slo seg ned i Minnesota. Her budde han i ti år. Han studerte ved Augsburg College og andre amerikanske akademi, tok lærareksamen og var lærar i Minnesota og Dakota i 1892–1895.

Journalistikk

Seinare gjekk Kringen over til journalistikken og arbeidde i amerikanske og norskamerikanske aviser i 1895–1897. Han redigerte mellom anna Nye nordmanden i Minneapolis. Ei tid var han korrespondent for Labour Leader, eit organ for det britiske sosialistpartiet. Han kom på den måten i kontakt med den britiske arbeidarleiaren James Keir Hardie, og vart på denne tida sosialist under hans påverknad.

Politisk arbeid

Kringen kom attende til Noreg i 1897 og vart med i den norske arbeidarrørsla. Like etter heimkomsten vart han tilsett i Social-Demokraten (seinare Arbeiderbladet) og skreiv for det meste om litteratur og utanrikspolitiske spørsmål i åra 1897–1899 og 1903–1905. Han var representant for Det Norske ArbeiderpartiDen andre internasjonalens kongressar i 1900 og 1904 og sat i Internasjonalens hovudstyre fram til 1906. Med dette deltok han i stiftinga av Den annan internasjonale. Kringen var kanskje den fremste internasjonalisten i norsk arbeidarrørsle først på 1900-talet.

I 1903 vart Kringen redaktør av Social-Demokraten, men gjekk av i 1906 på grunn av usemje med partiet. I motsetning til partistyret hevda Kringen i 1905 at dei svenske krava for unionsoppløysing burde godtakast. Han heldt fram som medarbeidar i bladet til han 1909 vart redaktør av Demokraten på Hamar. Han var på Hamar nokre år, men kom så attende til Social-Demokraten som litteraturmeldar og utanrikspolitisk medarbeidar. Ei tid var han også redaktør av Smaalenenes Socialdemokrat og seinare Trøndelag Socialdemokrat.

I partistriden i 1921 fylgde han sosialdemokratane og slutta seg til Noregs Socialdemokratiske Arbeiderparti fram mot til partisamanslåinga i 1927. Etter dette var han ikkje knytt til nokon bestemt partiavis, men skreiv i ymse fagforeiningsblad og i Romerikes Blad.

I 1904–1907 var Kringen medlem av bystyret i Kristiania. Han var ein aktiv organisator, som stifta mange faglege og politiske lag og gjorde opptak til fleire lokalblad for partiet. Han hadde mykje å seie for den norske arbeidarrørsla den første tida ved den opplysningsverksemda han dreiv. Han omsette mellom anna Det kommunistiske manifestet til norsk, skreiv kampsongar og dikt, han laga den første norske teksta til Internasjonalen (1904) og var ein mykje brukt foredragshaldar.

Kringen var redaktør av partiets tidsskrift Det tyvende aarhundrede dei første åra (1901–1903), og han skreiv ei rekke skrifter med sosialistisk innhald, mellom anna De første sosialdemokrater i Norge, Kirken set fra et socialistisk synspunkt, Grundtrekk av Socialismens teori og ei rekke andre bøker. Han omsette ymse sosialistisk litteratur og forfatta mange brosjyrar. Han skreiv også i fleire av dei leiande utanlandske sosialistavisene, som Sozialistische Monathefte og Avanti. I dei seinare åra var han Europa-korrespondent for Decorah-Posten.

Utgjevingar

  • Fagorganisationen, 1904
  • Kirken set fra et socialistisk synspunkt, 1904
  • Socialismen, og dens forudsætninger for den norske arbeider, 1906
  • De første socialdemokrater i Norge, 1910
  • Grundtrekk av socialismens teori, 1911
  • Thomas More, 1920
  • Den sociale revolution. Et kort rids av socialismen som virkende kraft i samfundet, 1923
  • Socialismens veie og maal. Fremstillet i motsetning til diktaturet, 1923

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • K. Selnes: biografi i Norsk allkunnebok, bd. 7, 1956

Faktaboks

Olav Kringen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037045030191

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg