[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Nildeltaet
Nedre Egypt, al-Wagh al-Bahari

Delta. Teikning av Nildeltaet som viser korleis elva deler seg vifteforma i fleire greiner.

/Store norske leksikon.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Nildeltaet er eit trekantdelta nord for Kairo i det nordlege Egypt, der den lengste elva i AfrikaNilen – spreier seg og renn ut i Middelhavet. Deltaet strekkjer seg frå Alexandria i vest til Port Said i aust, og utgjer over 230 kilometer av middelhavskysten. Med ei lengd frå nord til sør på rundt 160 kilometer og eit totalareal på omkring 24 000 kvadratkilometer er dette eit av dei største elvedeltaa i verda. Den berømte Rosettasteinen blei funnen i Nildeltaet i hamnebyen Rosetta i 1799.

Geografi

Nildeltaet

Vatnet frå Nilen legg grunnlaget for eit enormt fruktbart område i Nildeltaet. Her blir rismarkene klargjorde for såing.

Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Nilen dannar to hovudarmar gjennom Nildeltaet: Damietta (Dumyat) i aust og Rosetta (Rashid) i vest. Kystlinja til Nildeltaet er brakkvasslagunar med fine badestrender ved Middelhavet. Mellom desse dannar deltaområdet ein trekant som er den mest fruktbare delen av Egypt. Deltaet husar fleire større egyptiske byar, som Alexandria, Shubra El Kheima, Port Said og El Mahalla El Kubra.

Landbruk

Nildeltaet er flatt og svakt skrånande mot nord. Sidan 4000 fvt. har deltaet vore utnytta til landbruk, men først rundt starten på tidsrekninga vår byrja ei større busetjing av området. Oppføringa av to hovuddemningar nord for Kairo på 1860-talet gav to til tre avlingar i året av bomull og ris. Nilen fløymde vanlegvis over kvart år, slik at det fruktbare mudderet gav næring til omkringliggjande landbruk og la grunnlaget for egyptisk jordbruk. Dette tok likevel slutt etter bygginga av Aswandammen i 1960-åra.

Dyreliv

Nildeltaet har eit rikt dyreliv og er tilhaldsstad for ei rekkje vassfuglar som overvintrar i området. I tillegg finst der ei rekkje fiskeartar og amfibium. Nilkrokodillen, som er den nest største nolevande krokodillen, har namnet sitt frå området, men er ikkje lenger å finne i Nildeltaet.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg