Skodvins endelege gjennombrot som forskar kom med doktoravhandlinga Striden om okkupasjonsstyret i Norge fram til 25. september 1940. Etter nitid kjeldegransking, og med dramatisk driv i framstillinga, skildrar han der trekantdramaet mellom Reichskommissar Josef Terboven, Vidkun Quisling og det norske politiske miljøet, fram til kompromisset 25. september som paradoksalt nok la eit første grunnlag for organisert norsk motstandspolitikk. Avhandlinga vart også eit gjennombrot for ei hovudline i Skodvins utforsking av norsk samtidshistorie: hans særlege vilje og evne til å sette norsk historie inn i eit internasjonalt perspektiv, programmatisk annonsert i ein artikkel i Nordisk Tidskrift i 1951 med tittelen Norsk okkupasjonshistorie i europeisk samanheng.
Skodvins gjerning som universitetslærar, som professor i historie først ved Noregs lærerhøgskule i Trondheim og frå 1961 ved Universitetet i Oslo, kom til å krevje det meste av hans tid og krefter. Men gjennom ein straum av artiklar og foredrag vart han det naturlege referansepunkt for den vidare utforskinga av norsk historie under andre verdskrigen. Dei mange overtonar av skuld, skam, ansvar, nasjonale nederlag og personlege tragediar som hendingane var omgjevne av, gav grunnlag for langvarig strid om tolkinga av desse lagnadstunge åra. Men det er etter kvart blitt stendig klarare i kor stor grad Magne Skodvin – med sin vilje og evne til å sjå og forstå ei sak frå mange sider, og med sitt nesten uendelege tålmod andsynes dei mange som ville sette han i bås med det eine eller det andre fastlåste standpunktet – har medverka til at striden ikkje vart meir opprivande enn den vart.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.