Kazuo Ishiguro er ein britisk forfattar, fødd i Nagasaki i Japan av japanske foreldre. Etter debuten i 1982 med romanen Skumring over landskapet har han skrive ei rekke romanar som har plassert han sentralt i britisk samtidslitteratur. I 1989 mottok han Bookerprisen for romanen Resten av dagen. Han blei tildelt Nobels litteraturpris i 2017.
Gjennom fiksjonen han skriv, tar Ishiguro opp vesentlege spørsmål som minne og etterspel etter andre verdskrigen, klasse, kloning og kultur- og kjønnsforskjellar. Han er ein moralsk forfattar, men utan å bli moralist. Snarare enn å halde fram éin verdi, viser han korleis ulike verdiar og syn finst jamsides og i konflikt med kvarandre. Tematikken i bøkene hans har eit markert etisk innslag prega av solidaritet med dei svake. Den er skapt gjennom ein original forteljemåte der perspektivet til forteljaren blir kopla til dei andre litterære personane sine ulike perspektiv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.