[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Ingebrigt Vik
Fødd
8. mars 1867, Øystese i Kvam, Hordaland
Død
23. mars 1927, Øystese
Verke
Bilethoggar
Familie

Foreldre: Møbelsnikkar Hans Gunnarson Tveit (1832–1901) og Ingebjørg Torgeirsdotter Vik (1841–1902).

Ugift.

Ynglingen
Ingebrigt Viks Ynglingen vert rekna som eit hovudverk innanfor norsk skulptur frå tidleg 1900-tal.
Av /Nasjonalmuseet.
Ingebrigt Vik

Ingebrigt Vik. Stående ung pike, marmor, 1909. Nasjonalmuseet/Nasjonalgalleriet, Oslo.

Av /KF-arkiv ※.

Ingebrigt Vik var ein norsk bilethoggar. Han var ein av dei fremste norske bilethoggarane i første del av 1900-talet.

Læretid

Vik byrja som treskjerar. Etter eit par års læretid i Bergen, mellom anna i Hans Johannessens verkstad, kom Vik til København i 1884. Der fekk han praktisk utdanning i modellering, marmorhogging, tre- og elfenbeinsskurd ved H. C. Petersens verkstad. Frå 1889 til 1891 studerte han på Det Kongelige Danske Kunstakademi. I fire semester fylgde han kveldsundervisninga på kunstakademiet.

Tidleg karriere

Med fin kritikk for framifrå utført elfenbeinsskurd slo han seg ned i Bergen 1892. Saman med ein kompanjong etablerte han fabrikk for gipsdekor til bygningsfaget, ei blømande forretning i åra som fylgde. Samtidig dreiv Vik eigen treskjerarverkstad og leverte mellom anna dekorativt inventar til Chr. Michelsens villa Gamlehaugen i 1901. Påverka av den belgiske bilethoggaren Constantin Meuniers arbeid på verdsutstillinga i Paris i 1900 modellerte Vik statuetten Arbeidaren, som var eit av hans første sjølvstendige verk. Kritikaren Koren Wiberg slo fast at Vik var «Billedhugger og intet andet».

Bilethoggar

Vik selde etter dette sin part i fabrikken i Bergen og etablerte seg i Paris i 1902 med eige atelier. Frå 1902 til 1903 var han elev av Jean Injalbert. Sjølvstudium i Louvre gav likevel rikare utbyte enn den kortvarige studietida hos Injalbert. Vik utførte fleire av sine best kjende verk i denne perioden – Sitjande jente, Gamal kone (i fleire utgåver) og Ståande jente. I eit brev skreiv kunstnaren at det var «livets vår og livets høst» han ville skildre, og då særleg våren. Gruppa Ung mor og bysten av Bjørnstjerne Bjørnson er arbeid frå denne perioden. I det intime formatet er statuetten Jente flettar håret monumental i form og karakter og viser kunstnaren på si høgd. I 1906 besøkte Vik Italia og vende først i 1910 tilbake til Noreg.

I 1909 vart Vik tilrådd og innstilt som professor i skulptur ved Statens kunstakademi, men regjeringa valde Gunnar Utsond. Året etter slo Vik seg ned i Kristiania. Med den kjenslevâre portrettstatuen av Niels Henrik Abel vann han 1. pris i tevlinga om eit monument over den store matematikaren, men komiteen valde den symbolske gruppa til Gustav Vigeland i staden. Først 60 år seinare vart Viks sitjande Abel reist på Blindern. I Camilla Collett-konkurransen vann han 1. pris med eit utkast der figur og sokkel var tenkt hoggen i éin stein. Også dette oppdraget glapp. I tevlinga om statue over Svend Foyn til Tønsberg leverte Vik eit friskt portrett av kvalharpunens oppfinnar.

Størst motbør fekk Vik likevel med Eidsvollsmonumentet, der han vann 1. pris, men etter ein fleirårig komplisert prosess måtte gje tapt. Nederlaget vart ein personleg tragedie og gjekk sterkt inn på han. Med statuen Ynglingen (1913) reiste han seg att med eit meisterleg arbeid, straks innkjøpt av Nasjonalgalleriet og til Bergen. Utgangspunktet er den greske atleten, her tilført ei fortetta melankolsk stemning. Sjølv vurderte Vik dette som sitt beste verk.

Edvard Grieg, avduka i Byparken i Bergen 1917, vart Viks einaste offentleg reiste portrettstatue. Etter dette fekk han ferdig berre eitt større arbeid, marmorbysta av filosofen Niels Treschow til Universitetets aula, eit vellukka døme på levande form i streng klassisk stil.

Ettermæle

Frå 1916 var Vik delvis lamma av sjukdom, men greidde i 1925 å fullføre bysta av Treschow.

I Øystese blei det i 1934 reist eit museum for hans etterlatne arbeid. Museet viser det aller meste av hans produksjon frå dei ca. 15 år han var aktiv biletkunstnar og skapte nokre av hovudverka i norsk skulptur. Han er òg representert ved mellom anna Nasjonalgalleriet, Bergen Kunstmuseum, skulpturparken ved herregarden Rottneros i Sverige og kunstmuseet i Budapest.

Verk i utval

  • Arbeidaren (bronse), 1901, BKM
  • Niels Henrik Abel (bronse, heilfigur), 1903, UiO (reist 1963)
  • Gamal kone (bronse), 1904, NG
  • Camilla Collett (heilfigur), 1905 (ikkje utført)
  • Sitjande jente (marmor), 1905, Kunstmuseet i Budapest (1908, NG)
  • Ståande jente (marmor), 1908/09, NG (bronse, s.å., Ingebrigt Vik Museet (IVM), Øystese)
  • Bjørnstjerne Bjørnson (bronse, byste), 1909, IVM
  • Jente flettar håret (bronse), 1909, IVM
  • Ung mor (bronse), 1910, IVM
  • Eidsvollsmonument (utkast bronse), 1911 (ikkje utført)
  • Ynglingen (bronse), 1913, NG og Teaterparken, Bergen
  • Svend Foyn (utkast bronse), 1913, IVM
  • Edvard Grieg (bronse, portrettstatue), 1917, Byparken, Bergen
  • Niels Treschow (byste, marmor), 1922, UiO

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Brenna, Arne (1967). Billedhuggeren Ingebrigt Vik, John Grieg
  • Brenna, Arne (1977). biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 18
  • Brenna, Arne (1986). biografi i Norsk kunstnerleksikon, bd. 4

  • Moflag, Bjørn (1948). Ingebrigt Vik, Øystese ungdomslag – Ingebrigt Vik Museum
  • Storaas, Reidar (1994). Poesi i stein og bronse : bilethoggaren Ingebrigt Vik, Nord 4 bokverksted
  • R. Revold i Norges billedkunst, bd. 2, 1953, s. 398–403

Faktaboks

Ingebrigt Vik

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg