[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Administrasjonssenter
Elnesvågen
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
13 437 (2024)
Landareal
508 km²
Høgaste fjell
Snøtinden (1026 moh.) på grensa til Gjemnes
Innbyggjarnamn
fræning, eidsar
Målform
nøytral
Kommunevåpenet med plog og fisk
Storseisundbrua
Storseisundbrua på Atlanterhavsvegen er det nordlegaste punktet i Hustadvika kommune og ligg på grensa til Averøy.
Av .
Lisens: CC BY SA 2.0
Kart: Hustadvika kommune i Møre og Romsdal
Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Hustadvika kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Frå Storholmen
.

Hustadvika er ein kommune i Møre og Romsdal fylke som blei oppretta 1. januar 2020 ved samanslåing av Eide og Fræna kommunar.

Kommunen ligg ved havstykket Hustadvika, ytst på Romsdalshalvøya mellom Molde, Aukra og Romsdalsfjorden i sør og Lauvøyfjorden og Kornstadfjorden i nordaust. Kommunen er kjend for kyststrekninga med fiskeværa i Bud og Bjørnsund og for steinindustrien.

Samanslåinga er spesiell fordi dei to kommunane historisk har tilhøyrt kvart sitt av dei tre futedøma (fogderia) som har definert Møre og Romsdal: Fræna i Romsdal og Eide på Nordmøre. Skipinga av Hustadvika kommune var del av den landsomfattande kommunereforma. I den nye kommunen kom 74 prosent av innbyggjarane og 71 prosent av arealet frå tidlegare Fræna kommune.

Natur

Dråga
Frå Dråga, ei av øyene på strandflata ut mot Hustadvika.
Av .
Lisens: CC BY NC 3.0
Hulvågen på Atlanterhavsvegen
.

Berggrunnen er av grunnfjellsalder, men er påverka av den kaledonske fjellkjedefaldinga (den kaledonske orogenesen) som har gitt berggrunnen ei strøkretning sørvest–nordaust. Grunnen består for det meste av ulike gneisbergartar. Det går fleire låge eid frå Frænfjorden over til Eide og Hustadvika, og desse følgjene strøkretninga i berggrunnen. Særleg kan ein nemne Fræneidet mellom tettstadene Elnesvågen og Eide.

Av særleg betydning er førekomstane av kalkstein og marmor, mellom anna i fjellområdet nord for Fræneidet og langs Kornstadfjorden. Ute ved kysten nordaust for Hustadbukta er det eit mindre område med djupbergarten gabbro.

Strandflata i kommunen er godt utvikla og har store område med eit temmeleg myrlendt terreng, særleg i Hustad, Bud og Vevang nord i kommunen. Det er òg store myrområde mellom Sylte og Elnesvågen (Elnesmyrane), på Fræneidet og innanfor Malmedalen i søraust (Berrmyran).

Utanfor kysten ligg havstykket Hustadvika, som har eit svært ureint farvatn med ei rekkje småøyar, skjer og båar i eit område som strekkjer seg fleire kilometer ut frå land. Lengst i vest ligg fiskeværa Bjørnsund og Bud.

Landskapet i austre delar av Hustadvika er berglendt med toppar på 600–1000 meter over havet. Høgast er Snøtinden, 1027 meter over havet, på grensa til Gjemnes.

Busetjing

Folketal

1951 9035
1952 9008
1953 9058
1954 9025
1955 9074
1956 9264
1957 9294
1958 9367
1959 9379
1960 9479
1961 9465
1962 9515
1963 9463
1964 10037
1965 10002
1966 9999
1967 10028
1968 10238
1969 10333
1970 10402
1971 10469
1972 10625
1973 10785
1974 10822
1975 10982
1976 11149
1977 11287
1978 11485
1979 11742
1980 11866
1981 11973
1982 11991
1983 12038
1984 12023
1985 11987
1986 11977
1987 12012
1988 12006
1989 11932
1990 11987
1991 11959
1992 12023
1993 12042
1994 12076
1995 12127
1996 12085
1997 12184
1998 12201
1999 12186
2000 12198
2001 12264
2002 12221
2003 12172
2004 12291
2005 12327
2006 12430
2007 12496
2008 12551
2009 12573
2010 12718
2011 12762
2012 12926
2013 13090
2014 13191
2015 13250
2016 13184
2017 13195
2018 13215
2019 13233
2020 13279
2021 13317
2022 13287
2023 13341
2024 13437
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Tyngda av busetjing ligg langs strendene. Ved Frænfjorden ligg Elnesvågen, Tornes ved fjordmunninga og Sylte og Malme inst ved Malmefjorden. Tilsvarande er det busetjing på nordsida langs Lauvøyfjorden, Kornstadfjorden og i låglandet som går inn frå fjorden ved tettstaden Eide og sør for Nåsvatnet. Det er òg jamn busetjing langs Harøyfjorden i vest og mot havstykket Hustadvika i nord. Her ligg mellom anna Bud og Nerland. Ein tredel av innbyggjarane i tettstaden Hollingen, som for det meste ligg i Aukra kommune, høyrer til i Hustadvika kommune.

Folketalet i den nye kommunen vaks med 4 prosent i perioden 2010–2019, mot 6,4 prosent vekst i fylket samla sett. Veksten var størst i Fræna, med 5 prosent fleire innbyggjarar i tiårsperioden.

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det åtte tettstader i Hustadvika. Tettstadene er til saman 6,5 km², og omfattar 1 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Elnesvågen 2 684 20 % 2,2 km²
Eide 1 446 11 % 1,8 km²
Bud 792 6 % 0,8 km²
Tornes 534 4 % 0,5 km²
Malme 521 4 % 0,4 km²
Hollingen ¹ 415 3 % 0,3 km²
Sylte 332 2 % 0,2 km²
Farstad 234 2 % 0,3 km²
Sum 6 958 52 % 6,5 km²

* Andelen av innbyggjarane i Hustadvika kommune som bur i tettstaden.

¹ Tettstaden Hollingen omfattar delar av kommunane Aukra og Hustadvika. Den delen av tettstaden Hollingen som ligg i Hustadvika kommune omfattar 36 % av folketalet og 37 % av arealet i tettstaden.

Kart over Hustadvika kommune
Kart over Hustadvika kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Anlegget til Doosan Infracore Norway i Elnesvågen
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Næringslivet i kommunen er prega av fisk, industri og byggjeverksemd generelt, og steinindustri spesielt.

Av dei 4811 arbeidsplassane (tal frå 2018) i Hustadvika er 6,3 prosent innan primærnæringane (samanlikna med 3,7 prosent i fylket samla sett), medan 19,4 prosent arbeider i bergverk, industri og energi (17,5 prosent i fylket). 10,5 prosent arbeider i byggje- og anleggsbransjen (7,8 prosent i fylket).

Sysselsetjinga innan primærnæringane fordeler seg med 203 i jordbruk og 90 i fiske og havbruk. Jordbruket er prega av husdyrhald og mjølkeproduksjon, og jordbruksarealet blir brukt til slått og beite. Dyrkingsjorda består av moldblanda sand og aur og av myrjord med lett tilgang på kalk som jordforbetringsmiddel. Det to kvadratkilometer store Hustadfeltet blei dyrka opp etter andre verdskrigen i samband med opninga av eit kalk- og marmorbrot.

I tillegg kjem 183 arbeidsplassar innan næringsmiddelindustrien. Tine meieri Elnesvågen produserer kvitost og brunost, og kommunen har òg bedrifter innan mottak og foredling av fisk. Den naturlege hamna i Harøysund er sentral for fiskerinæringa i kommunen.

Innan industrien elles kan ein nemne bedriftene Doosan Infracore Norway, som produserer dumparar, kjøleteknikkbedrifta PTG FrioNordica og Hustadmarmor.

Bergverk basert på førekomstane av kalkstein og marmor og ei vidareforedling av desse i steinhoggeri er eit tradisjonelt handverk i kommunen. Bransjane bergverk og mineralprodukt omfattar 22,5 prosent av industriarbeidsplassane, og særleg i Eide. Mange av husa i den karakteristiske jugendstilen i Ålesund er bygde av marmor frå Eide. Kalkstein og marmor blir no mest brote for sal som jordforbetringsmiddel og til prosessindustriar, medan råsteinen for steinhoggeria i Eide i stor grad blir tilført frå Larvik-traktene (larvikitt), Solør (gabbro) og Østfold-området (granitt). Kommunen har omtrent halvparten av marknaden for tilverka steini Noreg.

Hustadvika har lite vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Malmelva (i drift fra 2020), med ein årleg produksjon på 5,43 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020).

Av dei 6798 yrkesaktive personane i Hustadvika (tal frå 2018) arbeider 57,9 prosent i heimkommunen, 27,2 prosent i Molde og 1,6 prosent i Kristiansund, medan 3,5 prosent jobbar i dei tre nabokommunane Aukra, Averøy og Gjemnes.

Samferdsle

Fylkesveg 64 mellom Åndalsnes, Molde og Kristiansund kjem inn i kommunen sørfrå gjennom Tussentunnelen, går gjennom kommunen aust for kommunesenteret Elnesvågen og gjennom tettstaden Eide. Mot Kristiansund utgjer Atlanterhavsvegen ein del av strekninga (Vevang–Kårvåg på Averøy).

Elles går fylkesveg 529 vestover frå Malme til Aukra, 664 går frå Elnesvågen langs kysten ut til Bud og 663 går gjennom det indre av kommunen nordover til Hustad og Vevang.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hustadvika vidaregåande skole ligg i Elnesvågen. Hustad fengsel ligg på Farstad lengst nord i kommunen. I det fråflytta fiskeværet Bjørnsund blir det drive leirskule.

Hustadvika høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett. Kommunen er med i det interkommunale politiske rådet Romsdal IPR saman med Aukra, Molde, Rauma og Vestnes.

Hustadvika kommune svarer til dei fire sokna Bud, Hustad, Vågøy/Myrbostad og Eide i Molde domprosti i Møre bispedømme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Fræna til Romsdal fogderi (futedøme) i Romsdals amt, medan Eide høyrde til Nordmøre fogderi (futedøme) i same amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hustadvika

For statistiske formål er Hustadvika kommune (per 2021) delt inn i 8 delområde med til saman 39 grunnkrinsar:

  • Stavik – Løset: Stavik, Løset
  • Søre Fræna: Hoem, Helset, Valle, Sande
  • Haukås: Eidem, Haukås, Myrbostad
  • Sylte- Malme: Sylte, Kolberg, Malme
  • Farstad: Skotheim, Farstad, Vassenden
  • Hustad: Nerland, Hustad, Skarset, Male, Vikan
  • Bud: Sunde, Bergset, Bud, Gule, Vestad
  • Eide: Strand, Øyen, Nås, Wågsbø – Skjelvikområdet, Dyrhaug – Krakeli, Indre Eide, Ytre Eide, Silset – Silnesområdet, Visnes – Jørgenvågområdet, Lyngstad – Ørjavik – Rismandal, Gautvik – Mekvik – Brandshaug, Bolli, Gaustad – Årsbog, Vevang med øyene utom Straumen

Historie og kultur

Myrbostad kyrkje
.
Lisens: CC BY SA 3.0

Eide blei oppretta som kommune i 1897 ved utskiljing frå Kvernes og hadde 1552 innbyggjarar ved skipinga. I 1964 blei Vevang-området ytst på halvøya overført frå Kornstad. Etter utvidinga hadde Eide 2801 innbyggjarar.

Fræna blei oppretta som kommune under namnet Vågøy (Vaagøe) ved innføringa av det kommunale sjølvstyret i 1837. Kommunen skifta i 1862 namn til Fræna. I 1964 blei Fræna, Bud og Hustad slått saman til nye Fræna kommune.

Kommunen har mange gravfelt frå eldre og yngre jernalder. Det siste norske riksrådmøtet blei halde i Bud i 1533 under leiing av erkebiskop Olav Engelbrektsson. Etter reformasjonen blei riksrådet nedlagt.

Vevang bygdemuseum dekkjer den lokale fiskekulturen. I Einhaugen ligg eit 300 år gammalt kvernhus som var i bruk fram til 1940.

I Hustadvika ligg Kvitholmen fyr. Lengre sør på Bjørnsund ligg Bjørnsund fyr.

Trollkyrkja er eit grottesystem på nordsida av Fræneidet med fleire grotter i kalkfjellet. På Straumsholmen, den sørlegaste av øyane på Atlanterhavsvegen, ligg Strømsholmen Sjøsportsenter.

Eide kyrkje er ei langkyrkje i tre som blei bygd i 1871. Myrbostad kyrkje i Elnesvågen er ei langkyrkje i tre som blei bygd i 1880 og påbygd i 1973. Bud kyrkje er ei korskyrkje i tre som blei bygd i 1717 med løkkuppeltårn frå rundt 1830. Vågøy kyrkje er ei langkyrkje i tre som blei bygd i 1904 på same stad som ei mellomalderkyrkje frå 1200-talet. Gaustad kapell lengst i nord blei innvigd i 2001.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet har temaet plogen og fisken, og det viser ein stilisert fisk og plog i sølv mot blå bakgrunn. Motivet viser til primærnæringane.

Kommunenamnet er henta frå havstykket Hustadvika. Det har igjen namnet sitt frå den tidlegare kongsgarden Hustad, som på si side truleg kjem frå norrønt ‘husstad, hustomt'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Helseth, Anne Holen: Gard og slekt i Fræna, 2001
  • Julnes, Johan: Bygdebok for Fræna : gard og slekt, 2004–2016, fem bind
  • Lyngstad, Jonny: Eideboka : Gard og slekt, 1987–2011, sju bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg