Giovanni Pierluigi da Palestrina var ein italiensk komponist av vokal kyrkjemusikk. Han er den høgast vurderte av alle kyrkjekomponistane frå renessansen og ofte kalla «prinsen av musikk».
Som barn song han i koret til Santa Maria Maggiore-kyrkja i Roma, der han truleg òg fekk undervisning i harmonilære.
I 1544 fekk han ei stilling som organist i heimbyen, som han heldt til 1551, då han vart tilsett som kormeister i Det julianske kapellet i Vatikanet. Frå 1555 hadde han liknande stillingar i både Laterankyrkja, Santa Maria Maggiore-kyrkja og i privat teneste, før han kom attende til Det julianske kapellet i 1571.
Palestrina skreiv i den katolske polyfonitradisjonen (fleirstemmig vokalmusikk) og var den fremste komponisten innanfor den såkalla «gamle stilen» (stile antico), som er kjenneteikna av ei konservativ tolking av reglane for fleirstemmige satsar. Han var òg den komponisten som aller mest effektivt greidde å sameine den gamle polyfonitradisjonen med motreformasjonen sine nye krav til forståelege tekstar. Pave Marcellus-messa står som det mest fullkomne dømet, sjølv om legenda om at denne messa åleine redda den katolske polyfonien er usann.
Palestrina skreiv nesten berre kyrkjemusikk, og stilen hans er kjenneteikna av ein eineståande kontroll over både harmoni og stemmeføring. Melodilinjene hans er lange og har tydeleg dramaturgi, både individuelt og kollektivt. Komposisjonsstilen hans vart granska og teken vare på, og danna grunnlaget for komposisjonsundervisinga verda over i fleire hundreår etter at han var død.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.