Fjarðabyggð er ein kommune på austkysten av Island. Kommunen har eit areal på 1163 kvadratkilometer og blei danna i 2006 ved ei samanslåing av dei tidlegare kommunane Neskaupstaður, Eskifjörður, Reyðarfjörður, Fjarðabyggð, Mjóafjörður, Austurbyggð og Fáskrúðsfjörður. Fjarðabyggð er Islands austlegaste kommune, med Gerpir som austlegaste punkt. Neskaupstaður er administrasjonssentrum.
Nokre av Islands største fiskerederi held til her. Utanom fiske og fiskeforedling og noko jordbruk finst òg eit aluminiumsverk. Fjarðabyggð har Islands nest største eksporthamn.
Populære stader å besøke er fyrtårnet Dalatangi og fossefalla Hengifoss, Klifbrekkufossar og Búðarárfoss. Vidare finst Islands første naturreservat Neskaupstaður her (etablert i 1972). Ved Helgustaðir ligg dei gamle dobbeltspat-gruvene, som var i drift frå 1600-talet til tidleg 1900-tal, og som i dag er verna. Hólmanes naturreservat er kjent for sitt fugleliv og sine uvanlege steinformasjonar. Sandfell, som ligg i Fáskrúðsfjörður, står på UNESCOs verdsarvliste.
Fjarðabyggð har i meir enn to hundre år vore base for franske fiskarar. I siste helvta av 1800-talet var fiskeværet Fáskrúðsfjördur franskmennene sin viktigaste landstasjon på Island, der dei hadde eige sjukehus, kapell og kyrkjegard. For å feire sambandet med Frankrike er den franske nasjonaldagen 14. juli offisiell flaggdag i Fáskrúðsfjördur. Fáskrúðsfjördur er vennskapsby med Gravelines i Frankrike.
Fjarðabyggð er vennskapsby med Stavanger.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.