Firda (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- FIRDA MEDIA AS
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Førde
- Dagleg leiar
- Kai Aage Pedersen
- Styreleiar
- Svein Atle Huus


Digitalt
Firda byrja med nettavis i 2000 og har frå 2014 hatt betalingsmur for ikkje-abonnentar. Det gjennomsnittlege talet på daglege lesarar av papirutgåva og publiseringa på nett var 33 426 i fjerde kvartal 2023, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening).
Historie

Første åra
Etter eit halvår i typograflære hos Paul M. Gjærder i Volda reiste Kristian Ulltang heim att til Førde for å starte sitt eige trykkeri i 1914. Sju mil lenger vest låg Florø med bystatus og sine to aviser, medan Førde den gong var eit vegkryss utan avis.
Ulltang meinte bygda måtte få ei avis som kunne målbære Indre Sunnfjord sine interesser, og hausten 1917 inviterte han dei fremste mennene i bygda til å teikne aksjar i det som med åra skulle bli den største avisa i fylket. Vedtektene slo fast at avisa skulle vere nøytral «og ikke indta noget standpunkt i politiske spørsmaal». I 1918 vart det første ordinære nummeret av Firda ein realitet.
Avisa vaks raskt i opplag og måtte avvise framstøyt frå Norges Bondelag, som ønskte å kjøpe Firda i 1922. I 1928 kom Olai Nordeide inn som utgjevar og bladstyrar. Nordeide blei Firda sin dugande strateg som effektivt kontrollerte kjerneområdet sitt, Indre Sunnfjord, men i aukande grad også omlandet.
Firda møtte konkurranse på heimebane. På 1930-talet prøvde døgnflugene Sunnfjord Tidend og avisa Gjallarhorn å utfordre Firda.
Opplagsfall under krigen
Firda kom ut under andre verdskrig, dei siste tre okkupasjonsåra med innsett redaktør frå NS. Tingarane vende då ryggen til avisa, og resultatet var eit dramatisk fall frå 4000 til under 1000 i opplag.
Etter krigen steig avisa attende til gamle høgder og runda 5000 tingarar i 1954. På 1960-talet fann sentrale styresmakter ut at staden skulle bli vekstsenter i fylket. Folketalet blei fort mangedobla, og Firda sitt opplag vaks vidare til å bli størst i fylket, sjølv om ho så seint som i 1967 berre hadde to utgåver for veka.
Då Olai Nordeide slutta som redaktør i 1964, tok sønene Oddvar og Per over. I deira felles redaktørtid auka Firda opplaget frå kring 7000 til om lag 12 000. Avisa fekk nytt avishus i 1966, gjekk over til offsettrykk i 1973 og opna i 1979 eige avdelingskontor for Dalsfjordregionen. I 1983 døydde Per, og Oddvar Nordeide heldt fram som redaktør åleine. Sonen Kjell Ove Nordeide tok over i 1988 og var redaktør i to år.
I 1996 var den lange perioden som privateigd avis omme, og A-pressa (nå Amedia) overtok Firda.
Opplag
Opplagstal for Firda, 1986-2023
1986 | 13224 |
---|---|
1988 | 13656 |
1990 | 13105 |
1991 | 13166 |
1992 | 13270 |
1993 | 13321 |
1994 | 13231 |
1995 | 13282 |
1996 | 13675 |
1997 | 15007 |
1998 | 15011 |
1999 | 14660 |
2000 | 14628 |
2001 | 14658 |
2002 | 14499 |
2003 | 14239 |
2004 | 14108 |
2005 | 14006 |
2006 | 13979 |
2007 | 13914 |
2008 | 13875 |
2009 | 13585 |
2010 | 13330 |
2011 | 12909 |
2012 | 12478 |
2013 | 11972 |
2014 | 11634 |
2015 | 10809 |
2016 | 10873 |
2017 | 10944 |
2018 | 11476 |
2019 | 11763 |
2020 | 11956 |
2021 | 11458 |
2022 | 11298 |
2023 | 10989 |
År | Opplag |
---|---|
1920 | 1200 |
1932 | 1000 |
1935 | 2000 |
1938 | 3000 |
1942 | 4000 |
1954 | 5224 |
1964 | 7132 |
1970 | 9088 |
1983 | 12 545 |
1998 | 15 011 |
2008 | 13 875 |
2015 | 10 014 |
2020 | 11 956 |
2021 | 11 458 |
2022 | 11 298 |
2023 | 10 989 |
Til og med 2015 dekkjer opplagstala berre papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal for digitalt abonnement og papirabonnement nytta, ifølgje Mediebedriftenes Landsforening..
Fakta
- Prøvenummer 15.12.1917. Fyrste ordinære nummer 5.1.1918.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Ness, Atle (red. 1993). Firda 75 år: 1918–1993
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.