Hovdhaugen var i utgangspunktet strukturlingvist. Det vil seie at målet for han var å beskrive og analysere den interne strukturen (grammatikken) i det aktuelle språket så nøye og grundig som mogleg på grunnlag av relevante teoriar og ved hjelp av adekvate metodar.
I arbeidet med polynesiske språk står han òg fram som sosiolingvist, ein disiplin han hadde vist stor interesse for også tidlegare. Det ein kunne kalle hans polynesiske sjølvbiografi, Polynesia. Minner fra en kjærlighet (2015), er for det første ei kjærleikserklæring til Polynesia og for det andre ei skildring av dei ymse polynesiske samfunna Hovdhaugen har arbeidd i. Teksten er skriven ut frå Hovdhaugens eige, subjektive perspektiv, men inneheld samstundes mykje sosiolingvistisk og antropologisk informasjon.
I 2015 hadde han vore sjuk i fleire år. Sjølv kalla han sjukdommen Mr. Parkinson, ofte med eit lite flaterande adjektiv som tilleggskarakteristikk. Det seier seg sjølv at ein slik sjukdom gjekk ut over arbeidskapasiteten hans. Jamvel om han alt i 2006 hadde ferdig eit utkast til ein utførleg grammatikk over vaeakau-taumaku, eit av språka i Temotu-provinsen i den austlege delen av Salomonøyene, fekk han aldri fullført det, for «Mr. Parkinson» intervenerte meir og meir. Arbeidet blei ført vidare av Åshild Næss, som hadde vore med Hovdhaugen på feltarbeid til Polynesia. Grammatikken kom ut i 2011 med dei begge som forfattarar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.