[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Bjørn Tysdahl
Fødd
20. oktober 1933
Død
17. desember 2020

Bjørn Tysdahl var ein norsk litteraturforskar og professor i engelsk litteratur.

Bakgrunn og utdanning

Bjørn Tysdahl kom frå beskjedne kår på Kampen i Oslo. Han studerte ved Universitetet i Oslo og blei stipendiat i engelsk litteratur i 1961. Han disputerte i 1968 på avhandlinga Joyce and Ibsen: A Study in Literary Influence.

Litteraturforsking

Joyce and Ibsen, som blei publisert internasjonalt i 1968, er eit standardverk i internasjonal James Joyce-forsking. I tillegg gir Tysdahls nyanserte framstilling av liv, tekst, og historisk så vel som kulturell kontekst eit betydeleg bidrag til det internasjonale forskingsfeltet comparative literature.

Etter å ha arbeidd ved University of Sussex i 1970, kom Tysdahl tilbake til Universitetet i Oslo, der han i mange år var professor i engelsk litteratur. Han publiserte fleire studiar i engelsk litteratur, særleg engelsk romantikk og modernisme. Interessa for comparative literature vidareførte han gjennom nøkkelrolla han spelte i eit nordisk nettverk for studiar av nordisk og europeisk modernisme (mellom anna English and Nordic Modernisms, 2002).

Narrativ etikk og litteraturformidling

Tysdahl var med på å introdusere den internasjonale litteraturforforskinga på narrativ etikk til Norge, blant anna som medredaktør av Literature and Ethics (1992). Han publiserte også bøker og artiklar på norsk, inkludert den første nordiske biografien om James Joyce (2003). Slik ga han eit vesentleg bidrag til norsk og nordisk litteraturformidling.

Bjørn Tysdahls evne til å identifisere og diskutere relasjonane mellom det internasjonale og det lokale, ei evne som fekk impulsar frå oppveksten, dannar ein viktig del av bakgrunnen for dei innsiktsfulle diskusjonane hans av litteratur og forholdet mellom litteratur og liv. Hans eige liv og arbeid var prega av ein gledesfylt pliktetikk og av hans kristne verdisyn.

Les mer i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg