[go: up one dir, main page]

Faktaboks

Anders Smith
Andrew Lauritzen Smith

Anders Lauritzen Smith

Fødd
1620, Skottland
Død
14. desember 1692, Sola sogn i Håland
Levetidskommentar
omtrentlig fødselsår
Verke
Biletskjerar og målar
Familie

Foreldre: Ukjende.

Gift 1) med ukjend; 2) 1669 med Maren Knutsdotter Sola (el. Håland) (august 1641–februar 1695).

Farfars far til Axel Smith (1744–1823).

Skap

Eit overdådig dekorert eikeskap med skorne figurar og ornamentikk. Skapet er utført i barokken (omkring 1658 til 1670), og har blitt tilskrive Anders Lauritzen Smith. Det er kanskje utført av Peiter Negelsen.

Av /Nasjonalmuseet.
Lisens: CC BY NC 3.0

Anders Smith var ein skotsk-norsk treskjerar og malar. Kunsten hans ber preg av nordtysk barokkstil.

Det er ikkje kjent signerte arbeidar av Smith, men det kan ikkje vere tvil om at biletskjering har vore hovudsysselen hans, og at han må ha bygd opp ein ganske stor verkstad. Ei mengd store arbeid kan på stilistisk grunn tilskrivast Smith og verkstaden hans. Dei skar preikestolar, altertavler, epitafium, og dessutan møblar, som skap og kister.

I 1658 blei han kalla til Stavanger for å skjere preikestolen i Stavanger domkyrkje. Stolen er eit praktstykke i balansert komposisjon av fortetta ornamental utfalding med vekt på formene til bruskbarokken og eit rikt religiøst program i biletframstillinga.

Smith måla òg portrett og tok i 1676 borgarskap som «kontrafei» (portrettmålar).

I hans arbeid ser ein korleis den kunstnarlege impulsen frå italiensk renessanse (Cornelis Floris og stilen etter han) via mønsterarka frå nordtysk barokkk blir sett ut i livet i den skandinaviske provins, går over i byhandverket, og går opp i den lokale folkekunsten, der den framleis kan sporast den dag i dag.

Kunsthistorisk bakgrunn

I tida før romantikken og det moderne gjennombrotet kjenner vi i Noreg få kunstnarar som individuelle opphavsmenn til sentrale kunstverk. Anders Lauritzen Smith var eit viktig unntak frå denne regelen.

Den lutherske reformasjonen var retta både mot paven i Roma og mot «affgudiske billeder» i kyrkja. Først på 1600-talet kom arbeidet for alvor i gang med å utvida det nye lutherske biletprogrammet til meir enn bokstavaltertavler med «herlige sentenser aff den hellige skrift». Smith var blant dei mange utanlandske biletkunstnarane som kom til Danmark-Noreg for å pryda det tomme kyrkjerommet etter den reformatoriske biletstormen.

Før tida i Stavanger

Før 1658 er dei biografiske opplysningane om Smith få og usikre, og det lite som er kjent om Smiths bakgrunn og læreår. Ein familietradisjon knyter Andrew til slekta Smiths of Braco, frå distriktet rundt elva Knaik i grevskapet Fife i Skottland.

I 1685 blei Smith kalla til Stavanger av lensherren Henrik Below for å utføre ein ny preikestol til Stavanger domkyrkje. At Smith har komme direkte frå Skottland til Stavanger er lite truleg. Familietradisjonen fortel at han kom til Stavanger frå Flensborg i Sønderjylland. Det er òg mogleg at han den sveinen som står oppført i Bergens manntal frå 1645 som elev av biletskjeraren Peter Negelsen.

Stilmessig er Smiths arbeid i alle fall direkte eller indirekte påverka av nordtysk barokk, slik den særleg blei utforma på verkstaden til Gudewerth-meistrane i Eckernförde.

Preikestolen i Stavanger domkyrkje

Stavanger domkirke

Den gedigne prekestolen sto ferdig i 1658 og er Norges flotteste arbeid i bruskbarokk.

Stavanger domkirke
Av /Arfo forlag.

Med preikestolen i Stavanger domkyrkje kom den nye «bruskbarokken» for første gong til Sørvest-Noreg og avløyser den vestlandske «snikkarrenessansen». Preikestolen i Stavangerdomen er kanskje den mest praktfulle barokkskulpturen i landet, og hovudverket til Anders Smith (som namnet blei fornorska til). Det er også eit kunstverk der den overlessa stilen blir prega av eit særprega kunstnartemperament.

Bruskbarokken er først og fremst ein ornamental stil, der kniven til treskjeraren vrir, dreiar og krøllar materialet slik at veden i emnet liknar på deig eller leire – eller brusk. Der renessansen framleis viste fram dei konstruktive formene, går barokken over i ein einaste bølgande og bevega masse utan fast oppbygging.

Sjølve biletframstillinga har Smith som andre kunstnarar i tida bygd på omarbeidingar etter koparstikk av bibelillustrasjonar. Preikestolen framstiller scenar frå skapinga til Jesu fødsel blant mengder av karyatider, dydar, englar og profetar. Inne i den overlessa ornamentikken står den gammaltestamentlege kjempa Samson som preikestolfot og ber Guds ord på hovudet.

Mellom ornamenta viser hovudfelta på stolen bibelske scenar. Blant groteske masker, erkeenglar og kristne dygder finn ein òg våpenskjolda til Smiths oppdragsgivar Henrik Below. På toppen av preikestolen tronar den sigrande Kristus nesten til taket i det høge kyrkjerommet.

Epitafiene i Stavanger domkyrkje

Stavanger domkirke

Andrew Smith som lagde prekestolen, var også mesteren for de fem praktfulle minnetavlene (epitafiene) som ennå er bevarte i kirken.

Stavanger domkirke
Av /Arfo forlag.

I dei følgjande åra utførte Smith fleire praktfulle epitafium (borgarlege minnetavler over jordisk gods og gull, makt og ære) i kyrkja. Det eldste er Borgermester Severin Pedersen Godtzen med hustru og barn (1660, staffert 1662). Det rikaste av dei alle er Lektor Johan Hiermann med familie (1664).

Det første har medaljongar med pasjonshistoria arrangert rundt ramma i slekt med dei seinare «pasjonsvisarar», medan dei andre er arkitektonisk bygd opp med søyler på sida av midtfelta og overstraumande religiøse scenar og figurar rundt.

I to seinare epitafier av Smith i domkyrkja, Severin Fransøn med familie (1674) og Biskop Matz Tausan med familie (1678), er dei religiøse figurane arrangerte rundt ei sirkelrund ramme. Bruskbarokken er her erstatta med klassisistiske motiv. Bevarte restar av det gamle inventaret viser at Smith og verkstanden hans òg har hatt ansvaret for dette.

Andre arbeider

Preikestolen i Sogndal kyrkje (1666) er tilskriven Smith på stilistisk grunnlag. Til gruppa arbeider som blir tilskriven Smith høyrer òg altertavlene i Hareid kyrkje (1660, opphavleg laga for Hospitalskyrkja i Stavanger), Åkra kyrkje (1663), Time kyrkje (1666) og kanskje Førde kyrkje (1666), forutan epitafiet over Lektor Jens Morsing med familie (1680) i Hjelmeland kyrkje.

Ei gruppe møblar med bruskornamentikk og figurrelieff er òg knytt til Smith. Desse har gjerne bibelske eller allegoriske motiv. Innskrifter, årstal og familievåpen viser til framståande stavangerfamiliar og 1660-åra. Eit teikne-bokblad blir tilskrive Smith, som også ifølgje eit brev skal ha hatt ein målarelev.

Eit portrett av borgarmeister Rasch i Kristiansand blir òg nemnd, men måleri av Smith kan ikkje identifiserast bortsett frå dei måla familiegruppene i epitafia som han kan ha måla. Her blir konvensjonane følgde for slike bilete med knelande personar, sobert, men ganske tørt utførte, og bileta trer i bakgrunnen for dei rike bilethoggararbeida.

Ekteskap

I 1669 inngjekk Smith ekteskap med Maren Knutsdotter frå Sola på Nord-Jæren. Frå då av var den velakta handverksmeisteren og byborgaren Smith også storbonde på det gamle lensmannssetet på Sola. Eit brev frå 1682 er stila til «Anders Lauritzen Mahler. Solle ved Stafanger.» Han kan vera den Anders Lauritzen som fekk borgarskap som kontrafeiar 12. juni 1676.

Anders Lauritzen Smith døydde, truleg mellom 1692 og 1694, med ei stor slekt og ei lita formue etter seg.

Arbeider

Sikre

  • Preikestolen i Stavanger domkyrkje

Tilskrivne

  • Preikestolen i Sokndal kyrkje (1666)

Altertavler

  • Hareid kyrkje (opphavleg for Hospitalkyrkja i Stavanger, 1660)
  • Åkra kyrkje (1663)
  • Time kyrkje (1666)
  • (kanskje) Førde kyrkje (1666)

Epitafier

  • Borgermester Severin Pedersen Godtzen med hustru og barn, Stavanger domkyrkje (1660, staffert 1662)
  • Biskop Marcus Christensen Humble med familie, Stavanger domkyrkje (1664)
  • Lektor Johan Hiermann med familie, Stavanger domkyrkje (1664)
  • Severin Fransøn med familie, Stavanger domkyrkje (1674)
  • Biskop Matz Tausan med familie, Stavanger domkyrkje (1678)
  • Sogneprest Christen Jenssen Hegelund med sine to hustruer, Ørskog kirke (1673)
  • Lektor Jens Morsing med familie, Hjelmeland kirke (1680)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jensen, C. A.: Danmarks snedkere og billedsnidere i tiden 1536–1660, København 1911
  • Grevenor, H. : Norsk Malerkunst under renessanse og barokk 1550–1700, 1928
  • Smith, O. : Andrew Lawrenseson Smith og Lauritz Anderssøn Smith’s mannlige etterkommere i Norge og Danmark, 1943
  • Platou, Dorothea S. (1928). Anders L. Smith: En norsk billedskjærer fra 1600 årene, Dreyer

Faktaboks

Anders Smith

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg