Adolf er eit tysk mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Adal-wolf. Forleddet tyder ‘edel (av slekt)’ og etterleddet ‘ulv’.
Namnet har fleire variantar: Adolf, Adolph.
Adolf er eit tysk mannsnamn som går tilbake til gammalhøgtysk Adal-wolf. Forleddet tyder ‘edel (av slekt)’ og etterleddet ‘ulv’.
Namnet har fleire variantar: Adolf, Adolph.
Eit utval personar med namnet Adolf, og som er omtalt i Store norske leksikon:
I perioden 1900–2017 var det omtrent 1300 menn (fødde i Noreg) som hadde Adolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Adolf i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Adolf. Dette inneber at 40 prosent hadde Adolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Til liks med mange andre tyske namn hadde Adolf toppfasen sin i siste halvdel av 1800-talet (1875–1889), men under og etter andre verdskrig har namnet så å seie ikkje vore brukt. Adolf Hitler ein av dei få som nærmast har tatt livet av eit namn.
Adolf var mest brukt i Kristiania.
Adolf var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Adolph.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.