Åse Gruda Skard var ein norsk psykolog. Ho oppnådde internasjonal respekt gjennom arbeidet med å spreie opplysning om anvend psykologi, barneoppseding og mentalhygiene.
Skard var dosent i psykologi ved Universitetet i Oslo i perioden 1947–1973. Bøkene hennar om barn og barns utvikling har vorte omsett til ei rekkje språk. Gruda Skard var mangeårig redaktør av Norsk Pedagogisk Tidsskrift, og hadde ei rekkje nasjonale og internasjonale verv. Ho vart utnemnd æresdoktor ved Universitetet i Bergen.
Skard har mellom anna gitt ut Vanlige vansker med vanlige barn (1965), Praktisk barnepsykologi (1972), Barn – Kultur – Samfunn (1973) og dei sjølvbiografiske minnebøkene Liv laga (1985) og Fulle hender (1986).
Ho var dotter av Halvdan Koht og Karen Elisabeth Grude Koht, gift med Sigmund Skard og dei fekk fem barn: tvillingane Målfrid (1936-2013) og Torild (1936-), tvillingane Halvdan (1939-) og Åsmund (1939-) og dottera Anne (1945-). Dei tre døtrene vart psykologar som mora, medan Halvdan vart politikar og Åsmund arkitekt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.