[go: up one dir, main page]

Detalj som viser at blodforsyninga på venstre side er avbroten nedst på låret.
/Akershus Universitetssykehus.

Angiografi er ei biletundersøking av blodårer. Nemninga angiografi blir vanlegvis brukt om røntgenundersøking av arteriar (arteriografi), vener (venografi, flebografi) eller lymfeårer (lymfangiografi) etter innsprøyting av kontrastmiddel.

Faktaboks

Uttale
angiografˈi
Etymologi
av gresk angeion, ‘kar’, og grafein, ‘skrive’

Arteriografi

CT-angiografi hos pasient med gangsmerter og «røykebein». Utposing av hovudpulsåra og åreforkalking med forsnevringar på begge sider.
/Akershus Universitetssykehus.

Arteriografi blir oftast gjort for å framstille forsnevringar, tilstoppingar eller utposingar på pulsårene. Karmisdanningar, bløding etter skadar, karrike svulstar og innvekst i blodårer av svulstsjukdom kan òg påvisast med angiografi. Ved vanleg angiografisk undersøking av pulsårer blir røntgenkontrasten sprøyta inn i karet gjennom eit plastkateter som blir ført inn i blodåra etter punksjon, vanlegvis i lysken. Med leievaierar og spesialforma kateter kan dei fleste karområda i kroppen nåast, og ein kan få ei svært nøyaktig framstilling av blodåreanatomien.

I dei fleste angiografiske undersøkingar blir det brukt digital radiografisk teknikk. I tillegg til rask biletdanning gjer digitalteknikken det mogleg med avansert biletbehandling som bruk av spesialfilter, kantforsterking og subtraksjon medan undersøkinga blir gjennomført. Ved digital subtraksjonsangiografi, DSA, kan heile eller ein viss prosent av bakgrunnen i røntgenbiletet fjernast, slik at ein får eit svært skarpt bilete av røntgenkontrasten som fyller karet.

Venografi

Venografi blir oftast gjort ved mistanke om blodpropp i underekstremitets- og bekkenvener. Ved underekstremitetsvenografi blir det vanlegvis sprøyta inn røntgenkontrast gjennom ei tynn nål som blir plassert i ei samleåre på fotryggen.

Lymfangiografi

Lymfangiografi blir gjort ved mistanke om sjukdom i lymfebanar og lymfeknutar. Etter at ein har funne ei lymfeåre ved hjelp av ein fargestoffinjeksjon i handa eller foten (avhengig av området ein vil undersøkje), blir det sprøyta inn kontrast i lymfebanen. Lymfangiografi er no nesten heilt erstatta av ultralydundersøking, computertomografi og magnetresonanstomografi.

Angiografi med CT eller MR

CT-angiografi med kontrastinjeksjon i ei vene kan gi ei god framstilling av blodårene i kroppen utan at ein bruker spesielle kateter. Med MR-angiografi kan ein registrere rørslene til blodet og på den måten få ei svært god framstilling av blodårene i kroppen utan at ein bruker kontrastmiddel.

Komplikasjonar

Kontrastangiografi fører alltid med seg ein risiko for komplikasjonar. Tromboemboliske komplikasjonar som hjerneslag, hjarteinfarkt og mindre alvorlege blodproppar med forbigåande symptom er rapporterte å finnast i 0,2–1,4 prosent av alle angiografiar der det blir brukt kateter inne i blodkaret.

For spesielle prosedyrar som har høg risiko, er komplikasjonane heilt oppe i åtte prosent av tilfella. Små blodblemmer på punksjonsstaden er vanleg. 0,1–0,5 prosent av pasientane får alvorlege blødingar eller andre karskadar i samband med angiografi. Komplikasjonar i samband med CT-angiografi og MR-angiografi oppstår svært sjeldan (<0,1 prosent) og er relaterte til bruken av kontrastmiddel.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg