Vorskla
Vorskla | |||
Ворскла | |||
elv | |||
Vorskla i Poltava
| |||
Land | Russland, Ukraina | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 14 700 km² | ||
Lengd | 464 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Kjelde | Det sentralrussiske høglandet i Belgorod oblast, Russland | ||
Munning | Dnepr i Ukraina | ||
Vorskla 50°54′31″N 36°26′55″E / 50.908585°N 36.448742°E | |||
Wikimedia Commons: Vorskla River |
Vorskla (russisk og ukrainsk Ворскла) er ei elv i Belgorod oblast i Russland og Poltava og Sumy oblast i Ukraina, og ei av sideelvane til Dnepr frå venstre. Vorskla har ei lengd på 464 km og eit nedslagsfelt på 14 700 km².
Ho har kjelda si på Det sentralrussiske høglandet, nordvest for Belgorod. Ho renn sørvestover frå kjelda og inn i Ukraina og munnar ut i Dnepr gjennom eit stort delta på nordsida av Dniprodzerzjynsk-reservoaret. Dei viktigaste sideelvane hennar er Vorsklytsja, Velykyj Kobeljatsjok, Poluzirja, Kustolova, Boromlja, Merla, Kolomak og Takhamlik.
Langs Vorskla ligg mellom anna byane Poltava, Novi Sanzjary, Okhtyrka og Kobeljaky i Ukraina og Grajvoron og Stroitel i Russland. Elva er seglbar frå munningen til Kobeljaky.
I 1399 vart slaget ved Vorskla utkjempa i området. I 1709 vart byen Poltava ved Vorskla omleira av Karl XII under Slaget ved Poltava.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Ворскла (река)» frå Wikipedia på russisk, den 19. oktober 2008.