Dnepr-reservoaret
Utsjånad
(Omdirigert frå Dneprreservoaret)
Dneprreservoaret | |||
innsjø | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Oblast | Dnipropetrovsk oblast, Zaporizjia oblast | ||
Tilsig | Dnepr | ||
Utløp | Dnepr | ||
Stad | Zaporizjia (i sør), Dnipropetrovsk (i nord) | ||
- koordinatar | 48°08′09″N 35°07′43″E / 48.13583°N 35.12861°E | ||
Lengd | 129 km | ||
Dnipro-reservoaret 47°57′36″N 35°06′52″E / 47.96°N 35.114444444444°E | |||
Wikimedia Commons: Dnieper Reservoir |
Dneprreservoaret (ukrainsk Дніпровське водосховище, Dniprovs'ke vodoskhovysjtsje) er eit reservoar i elva Dnepr i Ukraina. Det ligg i Dnipropetrovsk og Zaporizjia oblast. Det vart skapt i 1932 i samband med Dnepr vasskraftverk.
Reservoaret er 129 km lang og har ei gjennomsnittleg breidd på 3,2 km (7 km på det breiaste) og har ei middeldjupne på 8 meter. På det djupaste er reservoaret 53 meter. I alt inneheld reservoaret 3,3 km³.
Leninsjøen, som strekkjer seg ti kilometer frå munningen av Samaraelva, renn inn i nordenden av reservoaret. Då reservoaret vart bygd vart dei historiske Dneprstryka lagt under vatn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Dnieper Reservoir» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.