Vakt
Vakt kan visa til det å passa på noko, nokon som held vakt eller til tida eller staden ein held vakt i. Vakthald kan retta seg mot å oppretthalda ro og orden, sikra at reglar blir følgde og hindra åtak eller kriminalitet. Det kan også vera ei æresteneste for høgtståande personar eller viktige stader.
Vakthald er vanleg i militæret. Vakttenesta blir utført av postar og patruljer. Postane er i regelen enkeltpostar, skiltvakter. Befalingsmannen som fører kommando over ein vaktstyrke blir kalla vaktkommandør. Militære vaktar kan sikra festningar, leirar, offentlege bygningar og anna. Æresvakter kan halda vakt for fyrstelege personar, til dømes som slottsvakter.
Vakthald i det sivile samfunnet kan til dømes utførast av politi eller vektarar. Det finst også yrke som driv særskild vakthald, som badevakter, som trygger folk som badar, dørvakter, som styrer tilgangen til ein stad, eller livvakter, som har ansvar for tryggleiken til einskildpersonar.
Ein kan også bruka dyr til å halda vakt, særleg vakthundar. I nyare tid er det også utvikla vakthaldsteknologi som alarmar og overvakingsutstyr som overvakingskamera.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Vakt», Store norske leksikon, 27. august 2014
- «vakt» i Nynorskordboka.