[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Gurkhaer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Gurkhaer er ein spesiell type nepalske soldatar som opphavleg tenestegjorde i den britiske kolonihæren i Britisk India. Biletet viser Nusseree-bataljonen som seinare vart kjent som 1st Gurkha Rifles omkring 1857.

Gurkhaer er namnet på soldatar som er vorte rekrutterte frå Nepal for å tenestegjere i den britiske hæren.[1] Etter at India vart sjølvstendig, har gurkha-soldatar òg tenestegjort i den indiske hæren, der den meir korrekte stavemåten gorkha vert brukt.[2] Stavemåten Gorkha, med latinske bokstavar, er òg den korrekte i Nepal sjølv.

Gurkha-opphavet til namnet

[endre | endre wikiteksten]
Gurkhaer frå omkring 1896.
Kukri, den tradisjonelle gurkhakniven, er både reiskap, våpen og nasjonalsymbol.

Opphavleg er «gorkha» avleidd av namnet til ein hinduisk krigarhelgen, guru Goraknath.[1] Då Shah-dynastiet erobra det som vart den vesle fjellstaten Gorkha på 1500-talet, hevda dei at dei hadde bakgrunn i disiplar av denne krigarhelgenen. Dei innførte ein særeigen variant av hinduismen, og gav staten namnet Gorkha.

På midten av 1700-talet byrja staten Gorkha eit erobringstokt blant andre småstatar i nærleiken, og grunnla den moderne staten Nepal. Denne staten hadde heilt opp til 1930-talet det offisielle namnet Gorkha, og nasjonalspråket, som no er kjent som nepali, var kjent som gorkhali.

I den anglo-nepalske krigen mellom 1814 og 1816 kjempa Nepal – den gongen under namnet Gorkha – mot Det britiske austindiske kompaniet. Nepal tapte og mista ein stor del av territoriet sitt. Men under krigen vart britane svært imponert over dei nepalske dugleiken til soldatane. Dei brukte òg desertørar frå den andre sida i sina hærstyrkar, som dei syntest slost svært bra.

Etter krigen byrja britane difor systematisk å verva nepalarar, som britane kalla gurkhaer, til den britiske-indiske hæren.[1] I tillegg til effektivitet i krig, spelte det ei viktig rolle at desse soldatane var svært billege.

Ei rekkje misforståingar er altså knytt til Gurkha-namnet. Som nemning på nepalske soldatar i utlandet er det verken knytt til hinduismen, til fjellstaten Gorkha eller til noko spesielt folkeslag i Nepal. Stavemåten vert dessutan skulda ein forelda engelsk transkripsjon av det tidlegare landnamnet på Nepal, som no vert skrive Gorkha. Denne stavemåten må difor no reknast som særskild engelsk.

I den britiske hæren vert nepalske leigesoldatar enno kalla gurkha. I India, som etter frigjeringa òg har enno å bruka soldatar frå Nepal, vert dei derimot kalla gorkha, i samsvar med den riktige skrivemåten på det gamle landnamnet.

Gurkhaenes rolle i den britiske hæren

[endre | endre wikiteksten]
Òg moderne gurkhaer ber kukriar i kamp.

Gurkhaene var altså frå byrjinga leigesoldatar for den engelske kolonihæren i India.

Styresmaktene i Nepal – dåverande Gorkha – frykta England og ynskte å isolera landet sitt mot utanlandsk påverknad. Europearar var dessutan «ureine» sett frå eit ortodokst hinduisk synspunkt. Dei nepalske styresmaktene tillét difor ikkje verving. Rekruttane måtte koma seg over til India på eiga hand.

Ryet til «gurkhaene» i England vart endå betre etter det store opprøret i India i 1857. Medan indiske soldatar leidde opprøret, var gurkha-avdelingane lojale mot kolonimakta, og deltok med stor effektivitet i mange harde og brutale slag. Dei var blant anna viktige i kampane om Delhi. Der gjorde kolonistyrkane seg skyldige i omfattande massakrar på sivile, noko det ville vore vanskelegare å fått lokale indiske styrkar med på. Det verdsette kolonimakta i datida høgt.

I Bengal, der opprøret for ei tid såg ut til å truga Storbritannias herredømme, fekk den avgjerande tydinga at herskaren av Nepal, Jang Bahadur Rana, intervenerte med 15 000 mann. Han vart no ein høgt verdsett alliert for engelskmennene i India. Til takk fekk han igjen eit område i det vestlege Tarai, som Nepal hadde mista etter tapet i krigen i 1816.

England får verva gurkhaer i Nepal

[endre | endre wikiteksten]

Rekruttering av soldatar i Nepal vart likevel ikkje offisielt tillate før i 1885, då Bir Shamsher hadde fått makta i Nepal etter eit kupp.

Bir trong sårt av støtte frå kolonimakta, blant anna for å få deira hjelp mot opprørske slektningar som var flyktningar i India. Han gjorde difor ein avtalt om organisert rekruttering av soldatar til engelskmennene.

Detta opna dørene for verving i mykje større målestokk.

Før 1. verdskrigen vart 1 500 vervet i året. Men frå 1914 til 1918 var det over 100 000 nepalarar i den britiske hæren. I den 2. verdskrigen var mengda endå større. Med atskilleg rett seier difor nepalarar at dei deltok i verdskrigen meir enn mange formelt krigførande partar.

Frå då av og fram til avviklinga av koloniveldet, vart gurkha-soldatar ein viktig del av den militære ryggraden i Englands imperium på mange kontinent.

Gurkhaene vart òg oppgradert frå å først og fremst vera billege og skremmande soldatar. Etter dagens folkerett er dei britiske gurkhaene ikkje leigesoldatar, men derimot fullt integrert i den britiske hæren sin Gurkhabrigade.

Tilsvarande gjeld for gurkhaer som tenestegjer i den indiske hæren.

Soldatar verva blant allierte av Gorkha

[endre | endre wikiteksten]

I røyndomen var dei som vart kjent som gurkha-soldatar ofte ikkje det som no vert kalla nepalarar i etnisk forstand. Kanskje eit fleirtal av dem tilhøyrde ikkje herskarfolket i Gorkha, som hadde nepali som morsmål. Mange var heller ikkje hinduar. For hinduar av høg kaste frå Gorkha (som krigarkasten chhetri) tydde det å tjenestegjøre i utlandet og for ikkje-hinduar eit brot på forbod i Ghorka-varianten av hinduismen. Lenge kunne ein som tilhøyrde dei herskande kasta i Gorkha difor ikkje gå i slik teneste utan å mista sin plass i samfunnet.

Gurkha-soldatane vart i staden verva blant dei allierte nasjonalitetane til Gorkha-staten, som hadde delteke saman med Gorkha både i erobringa av Nepal og krigen mot britane.

Detta var etniske grupper som magar, gurung og limbu, som snakka sino-tibetanske språk og ofte dyrka buddhisme eller andre religionar. Gurkha-den spesielle kniven til soldatane, kukri, er ein del av nasjonaldrakten til magar-bønder. Sidan desse folkeslaga ikkje var hinduar, hadde dei ikkje kastevesen og ikkje dei strenge forboda som hindra høykaste-hinduar frå å dra utanlands.

Men sidan staten Nepal vart reorganisert på grunnlag av Ghorkas hinduisme, vart dissa minoritetsgruppene ifølgje lóvane til staten plassert i ei slag mellomgruppe, under høykaste-hinduar, men over dei «kasteløse» på botnen av kastesamfunnet. Gorkha-kastereglene til hinduismen førte likevel til at hjemvendte gurkha-soldatar fekk problem i Nepal så seint som etter første verdskrig.

Gurkha-soldatane i det nepalske samfunnet

[endre | endre wikiteksten]
Gurkha-politi med karakteristisk hatt og kukri-kniv i Singapore 2005.

I Nepal vart gurkha-rolla til soldatane tvitydig.

Rante-dynastiet, som herska diktatorisk fram til 1951, var heilt avhengig av eit godt tilhøve til England, men ynskt samstundes å unngå modernisering og demokratiske impulsar i den svært gammaldagse føydalstaten Nepal. Å senda store mengder gurkha-soldatar i engelsk teneste vart eit middel til å sikra engelsk godvilje, og sikre engelsk støytte til at dei heldt landa nærast hermetisk lukka.

Å verta gurkha-soldat vart ein svært viktig leveveg på den lutfattige landbygda. Samstundes fekk dissa soldatane sjå ei verda der folk hadde heilt andre høve enn dei som fanst i heimbygdene deira. Gurkha-soldatar vart viktige sjokktroppar for Nepals Kongressparti under den første demokratiske revolusjonen i 1950 til 1951, som styrta Rana-diktaturet.

I dei seinare år har både Storbritannia og India rekruttert stadig færre gurkha-soldatar. Dette har òg bidrege til å skjerpa dei økonomiske vanskane i områda der gurkhaene tradisjonelt har vorte verva frå.

  1. 1,0 1,1 1,2 «Who are they | The Gurkha Welfare Trust | About the Gurkhas», The Gurkha Welfare Trust (på engelsk), henta 21. februar 2024 
  2. Chappell 1993, s. 12.
  • Chappell, Mike (1993). The Gurkhas. 49 of Elite series (illustrated utg.). Oxford: Osprey Publishing. ISBN 978-1-85532-357-5.