Stripete borebille
Stripete borebille | |
Stripete borebille | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Biller Coleoptera |
Familie: | Borebiller Anobiidae |
Slekt: | Anobium |
Art: | Stripete borebille A. punctatum |
Vitskapleg namn | |
Anobium punctatum |
Stripete borebille (Anobium punctatum), i daglegtalen mit eller mott, er den vanlegaste og viktigaste skadegjeraren på bygningstømmer og møblar i Noreg. Den let etter seg ca. 2 mm store flygehol når billene kryp ut.
Stripete borebille høyrer til familien borebiller (Anobiidae) som gjer skade på treverk. Av borebillene er stripete borebille den arten som oftast gjer skade. Billene kan gjere alvorleg skade, særleg på eldre hus og møblar. «Mottehol» i treverk og møblar er som oftast laga av desse billene. Andre norske namn på stripete borebille er dødningeur (brukt om fleire artar), veggesmed og tremark.
Hus som blir angripne bør gassast, mindre gjenstandar kan ein fryse. På bygningsdelar som er spesielt utsette for borebiller, kan ein bruke trykkimpregnert virke som billene ikkje kan leve i.
Mott blir også brukt som nemning på sommarfuglar av familien Pyralidae.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Stripete borebille hos Artsdatabanken
- (en) Stripete borebille i Encyclopedia of Life
- (en) Stripete borebille i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) Stripete borebille hos Dyntaxa
- (en) Stripete borebille hos Fauna Europaea
- (en) Stripete borebille hos Fossilworks
- (en) Stripete borebille hos ITIS
- (en) Stripete borebille hos NCBI
- (en) Kategori:Anobium punctatum – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Anobium punctatum – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Anobium punctatum – detaljert informasjon på Wikispecies