Space Truckin'
Space Truckin' Song av Deep Purple frå albumet Machine Head | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | mars 1972 | |
Innspelt | 6. - 21. desember 1971 Montreux i Sveits | |
Sjanger | Hardrock, heavy metal | |
Lengd | 4:34 | |
Selskap | EMI (UK) Warner Bros. (US) | |
Tekstforfattar | Ian Gillan | |
Låtskrivar(ar) | Ritchie Blackmore Ian Gillan Roger Glover Jon Lord Ian Paice | |
---|---|---|
Produsent | Deep Purple |
«Space Truckin'» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple. Det er den sjuande og siste songen på Machine Head frå 1972. Teksten omhandlar romreiser og syner dugleiken til Ian Gillan som vokalist og den kraftfulle trommestilen til Ian Paice. I følgje Ritchie Blackmore er hovudriffet basert på Batman Theme.
Konsertutgåver
[endre | endre wikiteksten]Då songen vart først spelt på konsertar, nytta bandet ein instrumental som opphavleg hadde vore ein del av songen «Mandrake Root» frå det første albumet deira, men gradvis utvikla han seg slik at Jon Lord på hammondorgel og Ritchie Blackmore på gitar fekk vise seg fram på instrumenta sine. Dette gjorde at songen vanlegvis vart opp i over 20 minuttar lang, og vart alltid framført som den siste songen i hovudsettet. Eit godt døme på dette arrangementet finn ein på konsertalbumet Made in Japan der Blackmore òg spelar delar av «cello»-soloen på «Fools» frå Fireball.
Jon Lord spelte soloen gjennom ein ringmodulator eller spelte noko av soloen på ein ARP-synthesizer. Samstundes delte Ritchie Blackmore vanlegvis gitarsoloen i to, ein roleg del utan trommer, og ein del med heile bandet. Under den andre delen knuste Blackmore ofte gitaren sin, spelte på han med foten eller kasta han opp i lufta. På ein konsert i California Jam festival i 1974, kasta han gitaren over scenekanten, knuste ein annan mot eit fjernsynskamera og sette forsterkaren i brann, som så eksploderte.
Då Deep Purple vart gjenforeint i 1984, vart dette utvida arrangement omarbeidd og seinare inneheldt utdrag frå andre songar.
Introen til songen vart nytta i ein episode av fjernsynsserien WKRP in Cincinnati. Songen finst som ein nedlastbar spor for videospelet Rock Band.
Songen vart òg nytta i filmen Lords of Dogtown.
På den nymastra versjonen av albumet Live in London frå 1982 er det ein 31 minuttar lang versjon av songen. Denne inneheld mykje improvisasjon frå bandet og ein del av han inneheld hovudriffet frå «Child in Time».
Andre versjonar
[endre | endre wikiteksten]- Dream Theater spelte denne og heile Made in Japan-albumet.
- Arjen Anthony Lucassen sitt Star One spelte songen på konsertar i 2002.
- Det amerikanske thrash metal-bandet Overkill spelte songen på albumet Coverkill i 1999.
- Det serbiske hardrockbandet Cactus Jack spelte songen i 2003 for eit hyllestalbum for Deep Purple.
- Det amerikanske industrial metal-bandet Ministry har ein versjon av songen på albumet deira Cover Up.
- Tesla sin versjon av songen finst på albumet Real to Reel.
- Det amerikanske thrash metal-bandet Vengeance Rising spelte songen på albumet deira Once Dead i 1990.
- William Shatner spelte songen på albumet hans Seeking Major Tom.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Space Truckin'» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: