[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Machine Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Machine Head
Studioalbum av Deep Purple
Språk engelsk
Utgjeve 25. mars 1972
Innspelt 6–21. desember 1971
Studio Grand Hotel (Montreux i Sveits) med Rolling Stones Mobile Studio
Sjanger
Lengd 37:46
Selskap Purple
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
Fireball
(1971)
Machine Head Made in Japan
(1972)


Singlar frå Machine Head
  1. «Never Before»
    Utgjeve: 17. mars 1972
  2. «Lazy»
    Utgjeve: Mai 1972 (USA) [1]
  3. «Highway Star»
    Utgjeve: September 1972 [1][2]
  4. «Smoke on the Water»
    Utgjeve: Mai 1973

Machine Head er det sjette studioalbumet til det engelske rockebandet Deep Purple. Det vart spelt inn i desember 1971 i Montreux i Sveits, og kom ut 25. mars 1972 på Purple Records.

Ettersom tidlegare innspelingsøkter hadde vorte lagde inn i speleplanen i gruppa, ønskte Deep Purple å setja av tid til å spela inn eit album utanfor det typiske studiomiljøet, i håp om at det ville resultera i eit lydbilete som låg nærare livekonsertane deira. Dei leigde Rolling Stones Mobile Studio for innspelinga og booka Montreux Casino som spelestad, men under ein Frank Zappa-konsert rett før innspelinga brende kasinoet ned til grunnen. Etter ei vekes leiting etter ein alternativ spelestad, inkludert ei økt på eit nærliggjande teater som vart forlate på grunn av støyklager, klarte bandet å booka det vinterstengde Grand Hotel og gjorde det om til eit rom eigna for innspeling. Desse hendingane, særleg brannen i kasinoet, vart inspirasjonen til songen «Smoke on the Water».

Machine Head er det bestseljande albumet deira og toppa hitlistene i fleire land, mellom anna som nummer éin i Storbritannia. Albumet, som hadde stor innverknad på utviklinga av tradisjonell metal, får framleis god kritikk av musikkritikarar og har vorte gitt ut på nytt fleire gonger.

I 1971 hadde Deep Purple turnert i to år, og tidlegare studioalbum, som Deep Purple in Rock (1970) og Fireball (1971), vart spelt inn mellom liveshowa. Bandet følte at tidlegare studioarbeid ikkje lét like bra som liveopptredenane, og ønskte å spela inn i eit scenemiljø. Trommeslagar Ian Paice spelte inn trommesettet sitt i korridoren under nokre av Fireball-øktene, fordi han meinte det høyrdest betre ut, og han ønskte å finna eit alternativt innspelingsmiljø utanfor eit typisk lydisolert studio. Deep Purple vart tilrådd å spela inn utanfor Storbritannia, då dei ikkje måtte betala like mykje inntektsskatt.[3]

Gruppa turnerte i Storbritannia frå september til oktober 1971 og gav ein forsmak på nytt materiale som til slutt vart gitt ut på Machine Head.[4] Deretter starta dei ein turné i USA, som enda med å bli avlyst etter to konsertar på grunn av at vokalist Ian Gillan fekk hepatitt. Gitarist Ritchie Blackmore byrja å tenkja på moglege soloproduksjonar i framtida, og Deep Purple samla sett såg fram til å få meir tid til å spela inn og komma bort frå turnépresset.[5][6]

Deep Purple planla opphavleg å spela inn Machine HeadMontreux Casino i Sveits i desember 1971. Dei hadde booka Rolling Stones Mobile Studio og gjort hotellreservasjonar.[7] Kasinoet var ein stor arena med fleire underhaldningsfasilitetar. Bandet hadde opptredd der i mai 1971 og vart vener med Claude Nobs, grunnleggjar og dagleg leiar for Montreux Jazz Festival.[5]. Mellom anna Led Zeppelin, Pink Floyd og Black Sabbath hadde alle opptredd på kasinoet, og det stengde for oppussing kvar vinter, slik at det kunne brukast som innspelingsstad. Deep Purple kom til kasinoet 3. desember 1971. Etter ein siste konsert skulle dei få lokalet for seg sjølv.[8] Til gjengjeld foreslo bandet å spela ein konsert på kasinoet, noko som ville gitt dei høve til å gi ut eit dobbeltalbum, halvparten live og halvparten i studio.[5]

Innspeling

[endre | endre wikiteksten]

Den siste konserten på Montreux Casino var ein matinékonsert med Frank Zappa og The Mothers of Invention. På den tida bestod gruppa av songarane Flo & Eddie, multiinstrumentalisten Ian Underwood og trommeslagaren Aynsley Dunbar.[9] Under framsyninga skaut ein publikummar eit nødbluss inn i taket på bygningen.[10] Sjølv om publikum til å byrja med ikkje var klar over hendinga fordi taket var dekt av eit falskt bambustak, byrja folk omtrent ein time ut i konserten å sjå gneistar. Gruppa slutta å spela; ifølgje bassist Roger Glover sa Zappa at «ingen burde få panikk, men ..... BRANN!» Etter dette beordra leiinga ei kontrollert evakuering. Ingen omkom, men ei gruppe vart kortvarig fanga i kjellaren til kasinoet før dei vart redda ut av Nobs. Kort tid etter at alle var evakuerte i tryggleik, gjekk bygningen opp i flammar.[11]

Nobs flytta Deep Purple til Pavilion, eit teater i nærleiken, der dei spelte inn grunnsporet til ein låt med det førebelse namnet «Title No. 1». Glover hugsa at han vakna ein morgon og sa tittelen «Smoke on the Water» høgt. Ut frå dette skreiv Gillan teksten som skildra opplevinga i Montreux.[12] Eit fotografi av det brennande Montreux Casino var inkludert i omslaget til albumet.[13]

Paviljongen viste seg å vera upraktisk å spela inn i, ettersom bebuarane i nærleiken klaga til politiet over støyen. Sjølv om scenearbeidarar prøvde å hindra politiet i å komma inn ved å halda dørene lukka, vart bandet raskt kasta ut.[14]. Dei søkte etter andre innspelingsstader og nøgde seg med det tomme Grand Hotel i utkanten av Montreux. Med den mobile eininga parkert ved hovudinngangen sette Deep Purple seg opp i enden av ein korridor utanfor hovudlobbyen, der korridoren enda i ein «T». Her vart det installert ei rekkje utstyr og lydisolerande madrassar, noko som innebar at bandet måtte gå gjennom soverom og over balkongar for å komma til innspelingsbilen. Dette viste seg å vera så slitsamt at Deep Purple slutta å lytta til avspelingar av opptaka sine, og i staden spelte dei til dei var fornøgde.[15] Eit videoovervakingssystem vart sett opp slik at bandet kunne kommunisera med lydteknikaren Martin Birch og slik at dei tilsette i studiokontrollrommet kunne sjå dei.[16]

Opningssporet, «Highway Star», vart skrive medan bandet sat på ein buss på veg til opningsturneen i Portsmouth 13. september 1971. Managementet til bandet sørgde for at dei kunne reisa til konserten saman med ei gruppe musikkjournalistar som kunne intervjua bandet i ro og mak. Ein av dei spurde Blackmore korleis han skreiv låtar, der han svarte «sånn her», tok opp gitaren og spelte opningsriffet til låten. Gillan improviserte ein tekst rundt dette: «We're on the road, we're a rock'n'roll band». Resten av bandet fullførte arrangementet under øvingane, og det vart lagt til showet på konsertkvelden.[5] Blackmore baserte gitarsoloen på ein figur han hadde lært av Johnny Burnette, og likte likskapen med Johann Sebastian Bach.[17]

«Maybe I'm A Leo» gjekk under arbeidstittelen «One Just Before Midnight», som blir vist på eit bilete av eit innspelingsark på omslaget til albumet.[18] Den ferdige tittelen og teksten refererer til stjerneteiknet til Gillan.[17] Glover skreiv hovudriffet til songen etter å ha lytta til John Lennon-songen «How Do You Sleep?», og han likte at riffet ikkje starta på første taktslag.[19] Låten vart spelt live éin gong i 1972 på ein BBC In Concert-framferd.[18] Han vart ein livefavoritt fleire år seinare, etter at Joe Satriani vart mellombels medlem av bandet i 1993.[20]

«Pictures of Home» skildra attraksjonar og bilete frå nærområdet rundt Montreux, langt heimanfrå. Sporet vart opphavleg spelt inn med ein trommeintroduksjon, som vart utelaten frå originalinnspelinga, men som vart lagt til på 25-årsjubileumsnyutgivinga.[17]. Låten vart òg spelt live etter at Satriani vart med i Deep Purple.[20] «Never Before» vart av bandet rekna som den mest kommersielle låten på albumet, og vart gitt ut som singel.[21] Låten vart spelt live ein gong på BBC In Concert-showet.[18]

Ian Gillan, på turné i USA i januar 1972 til støtte for Machine Head.

«Smoke on the Water» dokumenterer opplevingane under innspelinga av Machine Head, inkludert brannen og evakueringa av kasinoet og innspelingane på Grand Hotel. Tittelen refererte til den tjukke svarte røyken frå brannen som hang over breidda av Genèvesjøen.[21] Backingsporet var det einaste brukbare materialet som kom frå Pavilion-innspelingane, før politiet stengde innspelinga. Blackmore bidrog med opningsgitarriffet, og sa seinare at det var populært fordi det var lett og basert på fire tonar, og samanlikna det med opningsfraseringa i Beethoven sin Femte symfoni.[15][22] Sjølv om låten er den mest kjende frå Deep Purple, og ein av dei mest kjende i rockemusikken generelt, meinte bandet at han ikkje hadde noko stort kommersielt potensial, og han var ein av dei siste låtane frå Machine Head som vart spelt live. Låten vart deretter ein stor hit i USA, og nådde fjerdeplass på Billboard Hot 100.[23][24] I tillegg til Deep Purple har Gillan framført låten live som ein del av solokarrieren sin, og under si korte tid med Black Sabbath i 1983.[25][26]

«Lazy» vart første gong spelt live under Storbritannia-turneen i 1971, og vart behalde gjennom heile det følgjande året. Den vart framført mot slutten av liveshowet og erstatta den instrumentale jammen «Wring That Neck», og vart seinare flytta til midten av settet tidleg i 1972.[27][28] Glover sa at låten var omtrent basert på ein Oscar Brown-låt, «Sleepy», medan Blackmore uttalte at han var inspirert av Eric Clapton-songen «Stepping Out». Låten var designa for å vera ein reiskap for ulike instrumentale framsyningar, inkludert ein uakkompagnert orgelintroduksjon og munnspelinga til Gillan. Blackmore spelte inn gitarsoloane i seksjonar på to ulike dagar, som deretter vart slått saman.[22]

«Space Truckin'» vart skriven som ein pastisj på tekstar frå rock-n-roll-tekstar frå 1950-åra, men med science fiction-tema. Deep Purple byrja å tenkja på nonsensfrasar som «music in our solar system» som kunne passa.[22] Paice spelte ein kort trommesolo på låten.[29] Han vart spelt første gongen live i januar 1972 på den neste konserten etter Montreux-sesjonane, og innleidd i instrumentaldelen av den tidlegare live-jammen «Mandrake Root» som avslutningsnummer.[18] Låten heldt fram med å vere det siste nummeret i settet etter at Gillan og Glover forlét bandet i 1973, inkludert ein minneverdig opptreden på California Jam året etter, der Blackmore sette fyr på forsterkarane sine og øydela eit TV-kamera med gitaren sin.[30] Songen vart jamleg spelt som ein vekkjar av mannskapet om bord på romferjeprogrammet STS-107 i 2003.[31]

Ein ballade med tittelen «When a Blind Man Cries» vart spelt inn under Machine Head-sesjonane, men vart ikkje inkludert på albumet. I staden vart han brukt som B-side på singelen «Never Before». Låten dukkar opp som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av Machine Head.[21]

Utgiving og omslag

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gitt ut i Storbritannia 25. mars 1972.[32] Ein USA-turné i mars og april same år vart utsett etter at Blackmore vart sjuk. Dei første konsertane i Storbritannia for å promotera albumet var på Rainbow Theatre i juni 1972.[18] To månader seinare turnerte bandet i Japan for første gong, og opptaka vart til det doble livealbumet Made in Japan. Fire låtar frå Machine Head («Highway Star», «Smoke on the Water», «Lazy» og «Space Truckin'») vart inkludert på albumet.[33]

Coveret vart laga ved at albumtittelen vart stempla inn i ei polert metallplate som vart halde opp og fungerte som ein spegel som gruppa stod framfor. Fotografen Shepard Sherbell tok deretter eit bilete av spegelbiletet; eit lite spor av han kan skimtast på det ferdige biletet (rett under teksten «Head»).[18][34] Det indre omslaget til albumet vart for det meste designa av Glover og manageren Tony Edwards, og inneheld eit utval forbrytarbilete som tidlegare vart brukt til kontaktarket til plateselskapet. Det inkluderte eit bilete av Nobs, som Machine Head var dedikert til. Dei første utgivingane hadde òg eit handtrykt tekstark.[18]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic5/5 stars[35]
BBC Musicfavourable[36]
Christgau's Record GuideB[37]
MusicHound5/5[38]
Record Collector4/5 stars[39]
Rolling Stonefavourable[40]
The Daily VaultA[41]

Machine Head nådde førsteplassen på den britiske albumlista sju dagar etter utgivinga, og vart liggjande der i to veker før det kom tilbake i mai 1972 for ei veke til. I USA nådde albumet 34. plassen under den første utgivinga i 1972; albumet nådde deretter ein sjuandeplass i 1973 då «Smoke on the Water» vart ein hit, og Machine Head heldt fram på Billboard-lista i over to år. Den første singelen som vart sleppt frå albumet, «Never Before», nådde 35. plassen i Storbritannia, men vart ikkje lista i USA. Då «Smoke on the Water» vart mykje spelt på radio som ein del av albumet, gav Warner Brothers han til slutt ut som singel i mai 1973. Låten nådde då andreplassen på den kanadiske RPM-lista og fjerdeplassen på den amerikanske Billboard Hot 100.[24]

Albumet vart møtt med positive meldingar frå kritikarane. Rolling Stone-skribenten Lester Bangs rosa tekstane til «Highway Star» og «Space Truckin'» og dessutan all musikken, sjølv om han var mindre rosande om tekstane til dei resterande låtane: «Mellom desse to Deep Purple-klassikarane ligg det berre god, hardtslåande musikk, sjølv om nokre av tekstane har litt igjen å hente.» Til slutt innrømde han: «Eg veit at nettopp denne banaliteten er halve moroa med rock 'n' roll. Og eg er sikker på at eg kjem til å elska dei neste fem Deep Purple-albuma vilt, så lenge dei læt akkurat som dei tre siste.»[40] Robert Christgau skreiv om albumet: «Eg er samd i at dei køyrer for fort, og Ritchie Blackmore har fått litt sjølvdisiplin og nokre mistenkjeleg klingande stikk frå kompisane i London.»[42] AllMusic-kritikar Eduardo Rivadavia kalla Machine Head «eit av dei viktigaste hardrockalbuma gjennom tidene.»[35].

Blackmore noterte at Machine Head vart spelt inn på omtrent tre veker, og notert at «alt var naturleg og fungerte». Han uttalte vidare: «Eg likte ikkje Fireball noko særleg fordi me berre jobba for mykje. Men me hadde omtrent ein månad fri før Machine Head, noko som gjorde det mogleg for meg å samla tankane og skriva nokre ting.»[43] I samband med 50-årsjubileet for Machine Head i 2022 sa Ian Gillan: «Det var heilt klart ein milepæl, for det tok oss to album å komma dit. Det tok In Rock og Fireball å nå Machine Head. Machine Head er ein litt meir raffinert versjon av dei meir jordnære. Det er eit historisk album, og me speler framleis 'Highway Star' og 'Pictures of Home', som faktisk er dei to opningslåtane i livesettet vårt akkurat no. Og sjølvsagt gjer me framleis 'Smoke on the Water', som alltid går rett heim.»[44]

Magasinet Kerrang! rangerte Machine Head som nummer 35 på lista si over «dei 100 beste heavy metal-albuma gjennom tidene» i 1989.[45] I ein Observer Music Monthly Greatest British Albums-avstemming valde Ozzy Osbourne albumet som ein av dei 10 britiske favorittplatene sine gjennom tidene.[46] Machine Head vart gjenstand for ein av dokumentarane i serien Classic Albums om korleis det kjende albumet vart til.[47] I 2001 vart Machine Head nemnt i Q si liste over «dei 50 tyngste albuma gjennom tidene»,[48] medan det i 2007 var med i The Guardian si 2007-utgåve av 1000 Albums to Hear Before You Die'.[49] Basert på opptredenar i profesjonelle rangeringar og lister, listar den samla nettstaden Acclaimed Music Machine Head som det niande mest hylla albumet i 1972, det 99. mest hylla albumet på 1970-talet og det 337. mest hylla albumet i historia.[50]

Nyutgivingar

[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart gitt ut på multikanal-formata DVD-Audio (2001), i ein ny 5.1-kanals miks, og Super Audio CD (SACD) (2003) med den europeiske kvadrofoniske miksen. Den vart seinare gitt ut på SACD den 17. august 2011, gjennom Warner Music Group i Warner Premium Sound-serien på plateselskapet, med same 5.1-kanalmiks som DVDAudio-versjonen frå 2001.[51]

40-årsjubileumsutgåva av Machine Head vart gitt ut i oktober 2012 av EMI; dette er eit sett med fem plater, følgt av eit illustrert 60-siders hefte. Innhaldet inkluderer: Original album 2012 remaster (CD1), Roger Glover's 1997 mixes (CD2), Original album quad SQ stereo (2012 remaster) (CD3), In Concert '72 frå Paris Theatre, London, 9. mars 1972 - 2012 mix (CD4), 2012 høgoppløysleg ommaster og kringlydmiksar (DVD, berre lyd).[52] For å feira 40-årsjubileet vart hyllestalbumet Re-Machined: A Tribute to Deep Purple's Machine Head gitt ut i 2012. september gjennom Eagle Rock Entertainment.[53]

Original vinylutgåve

[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ritchie Blackmore, Ian Gillan, Roger Glover, Jon Lord og Ian Paice.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:05
2.«Maybe I'm a Leo»4:51
3.«Pictures of Home»5:03
4.«Never Before»3:56
Side to
Nr.TittelLengd
1.«Smoke on the Water»5:40
2.«Lazy»7:19
3.«Space Truckin'»4:31

25-årsjubileleumsutgåve

[endre | endre wikiteksten]
Plate 1: 1997-miksar
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:29
2.«Maybe I'm a Leo»5:30
3.«Pictures of Home»5:24
4.«Never Before»4:01
5.«Smoke on the Water»6:16
6.«Lazy»7:33
7.«Space Truckin'»4:54
8.«When a Blind Man Cries» (B-Side)3:31
Plate 2: Ommastra
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:09
2.«Maybe I'm a Leo»4:52
3.«Pictures of Home»5:06
4.«Never Before»4:00
5.«Smoke on the Water»5:42
6.«Lazy»7:23
7.«Space Truckin'»4:34
8.«When a Blind Man Cries» (B-Side)3:32
9.«Maybe I'm a Leo» (kvadrofonisk miks)4:59
10.«Lazy» (kvadrofonisk miks)6:55

40-årsjubileumsutgåve

[endre | endre wikiteksten]
Plate ein: Original album - ommastra 2012
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:08
2.«Maybe I'm a Leo»4:52
3.«Pictures of Home»5:08
4.«Never Before»4:00
5.«Smoke on the Water»5:42
6.«Lazy»7:24
7.«Space Truckin'»4:35
8.«When a Blind Man Cries»3:32
Plate to: Roger Glover sine remiksar frå 1997
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:39
2.«Maybe I'm a Leo»5:25
3.«Pictures of Home»5:21
4.«Never Before»3:59
5.«Smoke on the Water»6:18
6.«Lazy»7:33
7.«Space Truckin'»4:52
8.«When a Blind Man Cries»3:33
Plate tre: Den originale kvadrofoniske miksen
Nr.TittelLengd
1.«Highway Star»6:11
2.«Maybe I'm a Leo»4:55
3.«Pictures of Home»5:04
4.«Never Before»3:59
5.«Smoke on the Water»5:39
6.«Lazy»6:53
7.«Space Truckin'»4:34
8.«Smoke on the Water» (Amerikansk A-Side-versjon)3:50
9.«Lazy» (Japansk B-Side)2:30
Plate fire: In Concert '72 (2012 Remix)
Nr.TittelLengd
1.«Introduction»0:16
2.«Highway Star»8:32
3.«Strange Kind of Woman»9:17
4.«Maybe I'm a Leo»6:17
5.«Smoke on the Water»7:09
6.«Never Before»4:34
7.«Lazy»10:22
8.«Space Truckin'»21:46
9.«Lucille» (Albert Collins, Richard Penniman)7:21

På den seinare CD-utgåva av In Concert '72 vart det lagt til eit lydprøveopptak av «Maybe I'm a Leo» (4:32).

Medverkande

[endre | endre wikiteksten]
Deep Purple
Produksjon
  • Martin Birch – lydteknikar, miksing med Deep Purple
  • Jeremy «Bear» Gee – assisterande lydteknikar
  • Nick Watterton – teknikar, Rolling Stones Mobile Studio-operatør
  • Ian Hansford, Rob Cooksey, Colin Hart – utstyrsteknikarar
  • Shephard Sherbell – fotografi
  • Roger Glover and John Coletta – design
  • Peter Denenberg og Roger Glover – remiksing (1997)
  • Peter Mew – ommastring i Abbey Road Studios, London (1997)

Salslister

[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
Australske album (Kent Music Report)[54] 1
Austerrikske album (Ö3 Austria)[55] 4
Canada Top Albums/CDs (RPM)[56] 1
Den danske albumlista[57] 1
Nederlandske album (MegaCharts)[58] 1
Finland (The Official Finnish Charts)[59] 1
Den franske albumlista (SNEP)[60] 1
Tyske album (Offizielle Top 100)[61] 1
Italienske album (Musica e Dischi)[62] 4
Den japanske albumlista (Oricon)[63] 6
Norske album (VG-lista)[64] 3
Den svenske albumlista[65] 4
Britiske album (OCC)[66] 1
US Billboard 200[67] 7

Årslister

[endre | endre wikiteksten]
Liste (1972) Plassering
Tyske album (Offizielle Top 100)[68] 5

Salstrofé og salstal

[endre | endre wikiteksten]
Region Salstrofé Salstal
Frankrike (SNEP)[69] 2× Gull 200 000*
Italia (FIMI)[70] Gull 50 000*
Japan (RIAJ)[71]
1989 release
Gull 100 000^
Sweden 25,000[72]
Storbritannia (BPI)[73] Gull 100 000^
USA (RIAA)[74] 2× Platina 2 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]
Publikasjon Land Utmerking År Plassering
Kerrang! Storbritannia «100 Greatest Heavy Metal Albums of All Time»[75] 1989 35
Q Storbritannia «50 Heaviest Albums of All Time»[48] 2001 no ranking
Mojo Storbritannia «The Ultimate CD Buyers Guide – Rock»[76] 2001 66
Q Storbritannia «The 30 Greatest Classic Rock Albums Ever»[77] 2004 no ranking
Kerrang! Storbritannia «100 Best British Rock Albums Ever»[78] 2005 34
Classic Rock Storbritannia «100 Greatest British Rock Album Ever»[79] 2006 26
The Guardian Storbritannia «1000 Albums to Hear Before You Die»[49] 2007 ingen rangering
  1. 1,0 1,1 Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2nd utg.). Wymer Publishing. s. 105. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  2. «Deep Purple singles». Arkivert frå originalen 12. juli 2015. Henta 28. juni 2021. 
  3. Robinson & Glover 1997, s. 17.
  4. Robinson & Glover 1997, s. 4.
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Robinson & Glover 1997, s. 5.
  6. Thompson 2004, s. 121.
  7. The Mojo Collection: 4th Edition. Canongate Books. 1. november 2007. s. 274. ISBN 978-1-84767-643-6. Arkivert frå originalen 26. november 2021. Henta 16. oktober 2016. 
  8. Thompson 2004, s. 125-126.
  9. Robinson & Glover 1997, s. 19-20.
  10. Thompson 2004, s. 126.
  11. Robinson & Glover 1997, s. 20.
  12. Thompson 2004, s. 127.
  13. Machine Head. Purple / EMI. 1972. TPSA 7504. 
  14. Robinson & Glover 1997, s. 20-21.
  15. 15,0 15,1 Thompson 2004, s. 128.
  16. Robinson & Glover 1997, s. 7.
  17. 17,0 17,1 17,2 Robinson & Glover 1997, s. 8.
  18. 18,0 18,1 18,2 18,3 18,4 18,5 18,6 Robinson & Glover 1997, s. 12.
  19. «questiontime». Roger Glover official site. Arkivert frå originalen 20. oktober 2007. Henta 19. november 2007. 
  20. 20,0 20,1 Robinson, Simon. «Deep Purple Mark 6 History». Deep Purple Appreciation Society. Arkivert frå originalen 19. april 2014. Henta 10. august 2020. 
  21. 21,0 21,1 21,2 Robinson & Glover 1997, s. 25.
  22. 22,0 22,1 22,2 Robinson & Glover 1997, s. 9.
  23. Thompson 2004, s. 129.
  24. 24,0 24,1 «Deep Purple Chart History: The Hot 100». Billboard. Arkivert frå originalen 6. februar 2017. Henta 5. februar 2017. 
  25. «Se Deep Purples Ian Gillan fremføre «Smoke on the Water» med orkester». Planet Radio. 15. august 2019. Henta 8. august 2020. 
  26. «Remember When Black Sabbath Used to Regularly Cover «Smoke on the Water»?». Guitar World. 5. februar 2019. Arkivert frå originalen 25. oktober 2020. Henta 8. august 2020. 
  27. Thompson 2004, s. 119.
  28. Bloom 2006, s. 150.
  29. Robinson & Glover 1997, s. 10.
  30. Thompson 2004, s. 160.
  31. Thompson 2004, s. 318.
  32. «How Deep Purple Emerged from the flames on «Machine Head»». Ultimate Classic Rock. 25. mars 2017. Arkivert frå originalen 8. oktober 2020. Henta 5. oktober 2020. 
  33. Made in Japan. Purple / EMI. 1972. TPSP 351. 
  34. Colothan, Scott. «42 fakta om Deep Purples albumomslag». Planet Rock. Arkivert frå originalen 13. februar 2021. Henta 29. september 2020. 
  35. 35,0 35,1 Rivadavia, Eduardo. «Review Machine Head». AllMusic. Henta 9. juli 2023. 
  36. Smith, Sid (18. april 2007). «Review of Deep Purple – Machine Head». BBC Online. Arkivert frå originalen 13. februar 2011. Henta 9. januar 2011. 
  37. Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: D». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. ISBN 978-0-899-19026-6. Arkivert frå originalen 25. mai 2020. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com. 
  38. «Machine Head». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 10. oktober 2018. Henta 17. mai 2018. 
  39. Staunton, Terry (October 2012). «Deep Purple – Machine Head». Record Collector (406). Arkivert frå originalen 22. april 2017. Henta 11. mars 2017. 
  40. 40,0 40,1 Bangs, Lester (25. mai 1972). «Album review Machine Head». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 21. mai 2011. Henta 9. juli 2023. 
  41. Thelen, Christopher (2019). «The Daily Vault Music Reviews: Machine Head». Daily Vault. Arkivert frå originalen 18. februar 2019. Henta 17. februar 2019. 
  42. Christgau, Robert (1972). «Deep Purple». robertchristgau.com. Arkivert frå originalen 14. mars 2021. Henta 9. januar 2011. 
  43. «Ritchie Blackmore - Recalls Life with Deep Purple». Guitar.com. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 17. august 2018. 
  44. Daly, Andrew (27. juni 2022). «An Interview with Ian Gillan of Deep Purple». vwmusicrocks.com. Henta 29. juni 2022. 
  45. Oliver, Derek (21. januar 1989). «Deep Purple «Machine Head»». Kerrang! 222. London, UK: Spotlight Publications Ltd. 
  46. «Observer Music Monthly - Greatest British Albums - June 2004». Kerrang!. Arkivert frå originalen 1. februar 2009. Henta 10. februar 2009. 
  47. Classic Albums - Machine Head. Eagle Rock Entertainment. 2002. EV300249R1. 
  48. 48,0 48,1 «50 Heaviest Albums of All Time – July 2001». Q. Arkivert frå originalen 24. juni 2016. Henta 10. februar 2009. 
  49. 49,0 49,1 «1000 Albums to Hear Before You Die – November 2007». The Guardian. Arkivert frå originalen 10. februar 2021. Henta 22. mars 2021. 
  50. Franzon, Henrik (n.d.). «Machine Head». Acclaimed Music. Arkivert frå originalen 13. mai 2021. Henta 2. desember 2021. 
  51. {{cite web |url=http://wmg.jp/sacdcd/?icid=top110810#header |title=Warner Premium Sound 17. august 2011-utgivelser |publisher=«Warner Premium Sound 17. august 2011 utgivelser» (på japansk). Warner Music Group. Arkivert frå originalen 13. august 2011. Henta 3. november 2011. 
  52. Machine Head. EMI. 2012. TPSAD 7504. 
  53. «Re-Machined Deep Purple Tribute». Eagle Rock Entertainment. Arkivert frå originalen 15. september 2012. Henta 2. oktober 2012. 
  54. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  55. "Deep Purple - Machine Head" (På tysk). Austriancharts.at. Hung Medien. Henta 26. april 2018.
  56. "Top RPM Albums: Nummer 4885". RPM. Library and Archives Canada.
  57. «Hits of the World». Billboard. 27. mai 1972. Arkivert frå originalen 2. desember 2021. Henta 10. mars 2017 – via Google Books. 
  58. "Deep Purple – Machine Head". Dutchcharts.nl. Hung Medien. Henta 26. april 2018.
  59. Pennanen, Timo (2006). Sisältää hitin – levyt ja esittäjät Suomen musiikkilistoilla vuodesta 1972 (på finsk) (1st utg.). Helsinki: Kustannusosakeyhtiö Otava. s. 166. ISBN 978-951-1-21053-5. 
  60. «Le Détail des Albums de chaque Artiste – D». Infodisc.fr (på fransk). Arkivert frå originalen 22. oktober 2014. Henta 9. juni 2012.  Select Deep Purple from the menu, then press OK.
  61. "Offiziellecharts.de – Deep Purple – Machine Head" (På tysk). GfK Entertainment Charts. Henta 9. juli 2023.
  62. «Classifiche». Musica e Dischi (på italiensk). Henta 27. mai 2022.  Set «Tipo» on «Album». Then, in the «Artista» field, search «Deep Purple».
  63. Oricon Album Chart Book: Complete Edition 1970–2005 (på japansk). Roppongi, Tokyo: Oricon Entertainment. 2006. ISBN 4-87131-077-9. 
  64. "Deep Purple – Machine Head". Norwegiancharts.com. Hung Medien. Henta 8. juli 2023.
  65. «SwedishCharts 0969-0872» (PDF). Hitsallertijden.nl. Arkivert frå originalen (PDF) 14. oktober 2012. Henta 10. mars 2017. 
  66. "Deep Purple | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company. Henta 8. juli 2023.
  67. "Deep Purple Album & Song Chart History" Billboard 200 for Deep Purple. Prometheus Global Media. Henta 8. juli 2023.
  68. «Top 100 Album-Jahrescharts» (på tysk). GfK Entertainment Charts. 1972. Arkivert frå originalen 9. mai 2015. Henta 2. april 2022. 
  69. «French album salstrofé – Deep Purple – Machine Head» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  70. «Italian album salstrofé – Deep Purple – Machine Head» (på italiensk). Federation of the Italian Music Industry.  Select Album e Compilation in the field Scegli la sezione. Select Week -- and Year ----. Enter Deep Purple in the field Artista. Click Avvia la ricerca
  71. «Japanese album salstrofé – ディープ・パープル – マシン・ヘッド» (på japansk). Recording Industry Association of Japan. 
  72. «From Music Capitals of the World – Stockholm» (PDF). Billboard. 29. desember 1973. s. 36. ISSN 0006-2510. Henta 16. april 2022. 
  73. «British album salstrofé – Deep Purple – Machine Head». British Phonographic Industry.  Enter Machine Head in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  74. «American album salstrofé – Deep Purple – Machine Head». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  75. «100 Greatest Heavy Metal Albums of All Time – January 1989». Kerrang!. Arkivert frå originalen 8. desember 2015. Henta 10. februar 2009. 
  76. «The Ultimate CD Buyers Guide – Rock – July 2001». Mojo. Arkivert frå originalen 21. februar 2018. Henta 14. januar 2017. 
  77. «The 30 Greatest Classic Rock Albums Ever – October 2004». Q. Arkivert frå originalen 4. september 2013. Henta 10. februar 2009. 
  78. «100 Best British Rock Albums Ever — February 2005». Kerrang!. Arkivert frå originalen 14. mai 2016. Henta 14. januar 2017. 
  79. «Classic Rock – 100 Greatest British Rock Albums Ever – April 2006». Classic Rock. Arkivert frå originalen 15. mai 2013. Henta 10. februar 2009.