Sophia av Hannover
Sophia av Hannover | |||
| |||
Fødd | 14. oktober 1630 Haag | ||
---|---|---|---|
Død | 8. juni 1714 Hannover | ||
Tittel | kurfyrstinne | ||
Alle titlar | hertuginne, prinsesse | ||
Hus eller slekt | Huset Wittelsbach | ||
Gravstad | Welfenmausoleet | ||
Land | Tyskland | ||
Mor | Elisabeth av Bøhmen | ||
Far | Friedrich V. | ||
Ektefelle | Ernst August av Braunschweig-Lüneburg | ||
Barn | Georg I av Storbritannia, Maximilian Wilhelm av Braunschweig og Lüneburg, Sophie Charlotte av Hannover, Ernst August II. av Hannover, Friedrich August Hanover, Prince of Hanover, Christian Heinrich Hanover, child1 Hanover, child2 Hanover, son1 Hanover, Charles Philip, Prince of Hanover |
Sophia av Hannover (14. oktober 1630–8. juni 1714), var fødd i Haag som dotter av Friedrich V av Pfalz, «vinterkongen» av Bøhmen, av huset Wittelsbach, og Elisabeth Stuart. Ho var gift med kurfyrst Ernst August av Hannover, og vart kjend som den «store kurfyrstinna». Jakob VI av Skottland/Jakob I av England og Irland var morfar hennar og gjennom det hadde ho krav på den britiske trona, og som følgje av den britiske Act of Settlement, som utelukka katolikkar, vart ho den første i arverekkja. Dersom ho ikkje hadde døydd nokre veker før Anne av Storbritannia, hadde ho blitt britisk dronning. Sjølv om ho var eldre enn Anne, hadde ho betre helse og ein hadde rekna med at ho kom til å bli den neste dronninga i Storbritannia. I staden kom sonen hennar, Georg Ludwig, og dermed huset Hannover på trona i Storbritannia. Alle personar i arverekkja til den britiske trona nedstammar derfor frå Sophia av Hannover og alle krav på trona skal gå attende til henne.
Dottera Sophie Charlotte vart gift med Fredrik I av Preussen.
Sophia var ein venn og beundrar av filosofen Gottfried Leibniz som var knytt til hoffet i Braunschweig frå 1676 til sin død i 1716. Venskapen resulterte i ein omfattande korrespondanse. Sophia sette i gang omfattande arbeid med slottshagen i Herrenhausen, og døydde i denne hagen under ein kveldstur.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Sophia av Hannover» frå Wikipedia på bokmål, den 17. september 2012.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Klopp, Onno, red., 1973 (1873). Correspondenz von Leibniz mit der Prinzessin Sophie. Hildesheim: Georg Olms.