Smithsonitt
Utsjånad
Smithsonitt | |||
Ein prøve av smithsonitt frå Kelly-gruva i Socorro County i New Mexico i USA. | |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Karbonatmineral | ||
Kjemisk formel | ZnCO3 | ||
Strunz-klassifisering | 05.AB.05 | ||
Krystallsymmetri | Trigonal 3 2/m | ||
Einingscelle | a = 4.6526(7) Å, c = 15.0257(22) Å; Z = 6 | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Kvit, grå, gul, grøn til eplegrøn, blå, rosa, lilla, blågrå og brun | ||
Krystallform | Uvanleg som krystallar, typisk botryoidal, nyreforma, sfærulittisk; stalkittisk, jordaktig, kompakt massiv | ||
Krystallsystem | Trigonal - Heksagonal skalenoeder | ||
Tvilling | Ingen observert | ||
Kløyv | perfekt på [1011] | ||
Brot | Ujamn, undermuslig | ||
Fastleik | Sprø | ||
Mohs hardleiksskala | 4.5 | ||
Glans | glasaktig, kan vere perleaktig | ||
Strekfarge | Kvit | ||
Transparens | Gjennomskinneleg | ||
Spesifikk vekt | 4.4 - 4.5 | ||
Optiske eigenskapar | |||
Optiske eigenskapar | Einaksa (-) | ||
Brytingsindeks | nω = 1.842 - 1.850 nε = 1.619 - 1.623 | ||
Dobbeltbryting | δ = 0.223 - 0.227 | ||
Ultrafiolett fluorescens | Kan fluorescere bleik grøn eller lyseblå under UV | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Smithsonitt eller sinkspat, tidlegare calamin, er eit kvitt eller svakt farga mineral som består av sinkkarbonat, ZnCO3. Det tilhøyrer kalsittgruppa (isomorfi). Det vert danna sekundært etter sfaleritt. Det vert utvunne som sinkmalm mellom anna i Mexico og USA. Det er sjeldan i Noreg.
Smithsonitt vart identifisert med hemimorfitt før ein forstod at dei var to eigne mineral. Dei to minerala liknar mykje på kvarandre og namnet kalamin er brukt om begge, noko som har ført til forvirring. Smithsonitt vart namngjeven i 1832 av François Sulpice Beudant etter den engelske kjemikaren og mineralogen James Smithson (ca. 1765–1829), som oppretta Smithsonian Institution og som først identifiserte mineralet i 1802.[2][4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Smithsonitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/smithsonitt.
- ↑ http://www.mindat.org/min-3688.html Smithsonite: Smithsonite mineral information and data from Mindat
- ↑ 2,0 2,1 http://www.webmineral.com/data/Smithsonite.shtml Smithsonite mineral data from Webmineral
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/smithsonite.pdf Handbook of mineralogy
- ↑ «Smithsonite at the National Museum of Natural History». Smithsonian Institution. Arkivert frå originalen 21. januar 2016. Henta 9. august 2014.