[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Fluorescens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fluorescente mineral sender ut synleg lys når dei vert eksponert for ultrafiolett lys.

Fluorescens er ein type luminescens. Eit foton absorberast av eit molekyl som deretter sendar ut eit foton med lågare energi (større bølgjelengd).

Posten brukar papir med fluorescens (fluoriserande papir) i frimerke for at maskina som skal stemple frimerket kan finne ut kor på konvolutten frimerket er og dermed stemple riktig. Maskina sender ut ultrafiolette stråler som vert returnert frå frimerkepapiret. Frimerkesamlarar brukar ei spesiell lampe for å finne ut om frimerkepapiret er fluoriserande.[1]

Det å sende ut lys ved fluorescens eller ha evna til å sende ut slikt lys vert kalla å fluorescere.

  1. «Taggen», arkivert frå originalen 21. april 2012, henta 26. september 2009