Separate Ways av Elvis Presley
Separate Ways Samleplate av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Januar 1973 | |
Sjanger | Rhythm and blues, pop, country, rock | |
Selskap | RCA Camden | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2 (1972) |
Separate Ways | Aloha from Hawaii Via Satellite (1973)
|
Separate Ways er eit samlealbum av Elvis Presley frå 1973. Det vart utgjeve på RCA Camden nøyaktig ein månad etter eit anna samlealbum, Burning Love and Hits from His Movies, Volume 2. Separate Ways var det andre og siste forsøket til RCA på å setje saman eldre Elvis-innspelinga med ein ny hitsingel, i dette tilfellet «Separate Ways» og B-sida «Always On My Mind». Resten av albumet - som ikkje vart marknadsført som eit samlealbum på omslaget - bestod av ei blanding songar som ikkje tidlegare var utgjevne frå filmane til Presley i 1960-åra, i tillegg til ein song, «Old Shep», datert attende til 1956. Albumet kom ut på ny på Pickwick/Camden med det originale katalognummeret CAS-2611. Den einaste skilnaden er at PickWick står nederst på omslaget, medan det på originalen står RCA. Innhaldet er nøyaktig det same.
Separate Ways nådde 46. plassen på Billboard-lista og 12. plassen på countryalbumlista, og har med tida seld over tre millionar eksemplar verda over.[1] I USA selde det til gullplate 27. mars 1992 og platina 6. januar 2004 hos RIAA.[2]
Tittelsporet
[endre | endre wikiteksten]Presley spelte inn «Separate Ways», skriven av Red West og Richard Mainegra, den 27. mars 1972, og countrysong «Always On My Mind» den 29. mars. Dei kom ut i lag på singel 31. oktober 1972, og selde til gullplate i USA for over ein halv million selde eksemplar. Han vart oppført som ei dobbel A-side og nådde 16. plasen på magasinet Billboard's Hot Country Singles-lista i november 1972.[3] I Storbritannia var «Always On My Mind» hitlåten og «Separate Ways» var B-sida.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | link |
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Separate Ways» | Richard Mainegra / Red West | 27. mars 1972 | 2:38 |
2. | «Sentimental Me» | Jimmy Cassin / Jim Morehead | 12. mars 1961 | 2:34 |
3. | «In My Way» (frå Wild in the Country) | Ben Weisman / Fred Wise | 7. november 1960 | 1:24 |
4. | «I Met Her Today» | Hal Blair / Don Robertson | 15. oktober 1961 | 2:45 |
5. | «What Now, What Next, Where To;» | Hal Blair / Don Robertson | 26. mai 1963 | 1:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Always on My Mind» | Johnny Christopher / Mark James / Wayne Carson | 29. mars 1972 | 3:41 |
2. | «I Slipped, I Stumbled, I Fell» (frå Wild in the Country) | Ben Weisman / Fred Wise | November 8, 1960 | 1:38 |
3. | «It Is So Strange» | Faron Young | 19. januar 1957 | 2:31 |
4. | «Forget Me Never» (frå Wild in the Country) | Ben Weisman / Fred Wise | 7. november 1960 | 1:38 |
5. | «Old Shep» | Red Foley | 2. september 1956 | 4:10 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Separate Ways (Elvis Presley album)» frå Wikipedia på engelsk, den 22. juni 2017.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Separate Ways (Awards)». Allmusic. Rovi, Inc. 2015. Henta 21. juni 2017.
- ↑ «Searchable Database». RIAA. 2015. Henta 21. juni 2017. Merk: Søk på «Separate Ways»
- ↑ «Top 20 Country Billboard Singles». The Official Elvis Presley Website. Henta 21. juni 2017.