A Date with Elvis
A Date with Elvis Studioalbum av Elvis Presley | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 24. juli 1959 | |
Innspelt | Juni 1954 – april 1957 | |
Sjanger | Rock and roll, rockabilly | |
Lengd | 22:58 | |
Selskap | RCA Victor | |
Produsent | Sam Phillips (Sun recordings)
Steve Sholes (RCA recordings) | |
Elvis Presley-kronologi | ||
---|---|---|
For LP Fans Only (1959) |
A Date with Elvis | Elvis' Gold Records - Volume 2 (1959) |
Singlar frå A Date with Elvis | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
MusicHound | [2] |
Rough Guides | [3] |
A Date with Elvis er det åttande albumet til Elvis Presley, gjeve ut på RCA Victor Records (LPM 2011) i juli 1959. Det består av eit utval av songar som var gjevne ut før og ikkje-utgjevne innspelingar i august 1956 i 20th Century Fox Stage One, to frå Radio Recorders i Hollywood, og fleire innspelingar frå Sun Studio. Albumet nådde 32. plassen på Billboard Top Pop Albums-lista. Det er ikkje lenger i sal på fysisk plate, men finst tilgjengeleg på nettet for nedlasting og strøyming.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Etter Presley måtte inn i den amerikanske hæren den 24. mars 1958, ønskte RCA Victor og manageren til Presley, Colonel Tom Parker, å halde namnet hans aktivt hos publikum dei to neste åra då han ikkje kunne halde konsertar eller spele i filmar, og gav ut innspelingar frå kvelvet. Det vart arrangert ei innspeling over to dagar i juni, som gav nok songar til fem singelsider. Singelformatet var det kommersielle fokuset for rock and roll i 1950-åra. Fire av desse songane vart gjevne ut på album i 1958 og 1959 medan han var i militærteneste.
Sjølv etter det som var vanleg seint i 1950- og tidleg i 1960-åra, der albuma ofte berre var kring 35 minuttar lange, var dette eit særs kort album på berre 23 minuttar, og vart eit av dei albuma som nådde lågast på salslistene i dette tiåret. RCA gav ut nok eit album i 1959 med tidlegare utgjevne songar, eit samlealbum men det selde enno dårlegare. Presley kom attende til USA i 1960 og gjekk i studio igjen.
Ein annan versjon av albumet, med seks av dei same songane frå originalutgåva, med med 14 songar i alt, kom ut i Australia i september 1959. RCA gav ut dei originale 10 songane frå albumet på CD i 1989.
I 1986 gav The Cramps ut eit heilt anna album som òg heitte A Date with Elvis.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Elvis Presley – vokal, gitar
- Scotty Moore – gitar
- Dudley Brooks – piano
- Mike Stoller – piano, korvokal
- Bill Black – bass
- D.J. Fontana – trommer
- Johnny Bernero – trommer
- The Jordanaires – korvokal
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Blue Moon of Kentucky» | Bill Monroe | 7. juli 1954 | 2:02 |
2. | «Young And Beautiful» | Aaron Schroeder og Abner Silver | 30. april 1957 | 2:02 |
3. | «(You're So Square) Baby I Don't Care» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 30. april 1957 | 1:51 |
4. | «Milkcow Blues Boogie» | Kokomo Arnold | 12. november 1954 | 2:38 |
5. | «Baby Let's Play House» | Arthur Gunter | 5. februar 1955 | 2:15 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Good Rockin' Tonight» | Roy Brown | 10. september 1954 | 2:12 |
2. | «Is It So Strange» | Faron Young | 19. januar 1957 | 2:28 |
3. | «We're Gonna Move» | Vera Matson og Elvis Presley | 24. august 1956 | 2:30 |
4. | «I Want To Be Free» | Jerry Leiber og Mike Stoller | 30. april 1957 | 2:12 |
5. | «I Forgot to Remember to Forget» | Stan Kesler og Charlie Feathers | 11. juli 1955 | 2:28 |
Britisk, australsk og tysk nyutgjeving
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Innspelt | Lengd |
---|---|---|---|---|
1. | «Blue Moon of Kentucky» | Bill Monroe | 7. juli 1954 | 2:02 |
2. | «Milkcow Blues Boogie» | Kokomo Arnold | 12. november 1954 | 2:38 |
3. | «Baby Let's Play House» | Arthur Gunter | 5. februar 1955 | 2:15 |
4. | «I Don't Care if the Sun Don't Shine» | Mack David | 11. september 1954 | 2:27 |
5. | «Tutti Frutti» | Dorothy LaBostrie og Richard Penniman | 31. januar 1956 | 1:58 |
6. | «I'm Gonna Sit Right Down and Cry (Over You)» | Howard Biggs og Joe Thomas | 31. januar 1956 | 2:01 |
7. | «I Got a Woman» | Ray Charles og Renald Richard | 10. januar 1956 | 2:23 |
8. | «Good Rockin' Tonight» | Roy Brown | 11. september 1954 | 2:12 |
9. | «Is It So Strange» | Faron Young | 19. januar 1957 | 2:28 |
10. | «We're Gonna Move» | Vera Matson og Elvis Presley | 24. august 1956 | 2:30 |
11. | «Blue Moon» | Richard Rodgers og Lorenz Hart | 19. august 1954 | 2:31 |
12. | «Just Because» | Sydney Robin, Bob Shelton, Joe Shelton | 11. september 1954 | 2:32 |
13. | «One-Sided Love Affair» | Bill Campbell | 30. januar 1956 | 2:09 |
14. | «Let Me» | Vera Matson and Elvis Presley | 4. september 1956 | 2:08 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «A Date with Elvis» frå Wikipedia på engelsk, den 15. oktober 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Eder, Bruce. A Date with Elvis på Allmusic
- ↑ Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2.
- ↑ Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 113. ISBN 1-84353-417-7.