[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Sanna Marin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sanna Marin

Fødd16. november 1985 (38 år)
Helsingfors
Statsborgar avFinland
Yrkepolitikar
InstitusjonarTony Blair Institute
Utdanna vedTammerfors universitet
Suupanniitty School
Pirkkalan yhteislukio Silmu
EktefelleMarkus Räikkönen
FøregangarAntti Rinne
EtterfylgjarPetteri Orpo
Alle verv
  • medlem av Finlands riksdag (2015–)
  • kommunestyremedlem i Finland (Tammerfors, 2012–2015)
  • Finlands statsminister (2019–2023)
  • minister for transport og kommunikasjon (2019–2019)
  • partileiar (Finlands sosialdemokratiske parti, 2020–2023)
  • medlem av Finlands riksdag (2019–2023) Sjå dette på Wikidata

Sanna Mirella Marin (fødd 16. november 1985) er ein finsk politikar frå Birkala. Ho var statsminister i Finland frå 10. desember 2019 til 20. juni 2023.[1][2]

Marin har ein mastergrad i offentleg forvaltning frå Universitetet i Tampere.[3][4] Mellom 2013 og 2017 var ho ordførar i Tampere kommune.[5]

Riksdagsmedlem

[endre | endre wikiteksten]

Sanna Marin vart riksdagsmedlem frå 2015, vald frå Birkaland. I perioden frå 6. juni til 10. desember 2019 var ho trafikk- og kommunikasjonsminister i Rinne-regjeringa.[6] Då Antti Rinne trekte seg frå statsminister-embetet, tok Marin den 10. desember over som regjeringssjef for koalisjonsregjeringa beståande av Socialdemokraterna, Centern, De gröna, Vänsterförbundet og Svenska folkpartiet.[7]

Marin fekk plass i leiinga til det sosialdemokratiske partiet i 2014, og vart vidare partileiar den 23. august 2020.[6] Den 5. april 2023 kunngjorde Marin avgangen sin som partileiar for partiet etter at ho tapte riksdagsvalet i 2023.[8][9]

Sanna Marin i 2019.
  1. «Sanna Marin: Prime Minister» (på engelsk). Valtioneuvosto / Finninsh Government. Henta 21. juni 2023. 
  2. «Sanna Marins tal vid den avgående regeringens avskedsbesök hos republikens president den 20 juni 2023» (på svensk). Valtioneuvosto / Finnish Government. Henta 21. juni 2023. 
  3. «SANNA MARIN» (på engelsk). sannamarin.net/. Henta 6. april 2023. 
  4. Pat Bauer. «Sanna Marin» (på engelsk). Britannica. Henta 3. april 2023. 
  5. Lauritsen, Vibeke; Allkunne: Sanna Marin i Store norske leksikon på snl.no. Henta 3. april 2023.
  6. 6,0 6,1 «Sanna Marin: Prime Minister» (på engelsk). Finnish Government. Henta 6. april 2023. 
  7. Johan Wikén. «Sanna Marin, 34, blir Finlands yngsta statsminister någonsin» (på svensk). SVT. Henta 6. april 2023. 
  8. «Sanna Marin trekker seg som partileder i Finland» (på norsk bokmål). NRK. Henta 6. april 2023. 
  9. Fondenes, E. & Holmes, M. C. S. «Finland: Sanna Marin går av som partileder» (på norsk bokmål). Verdens Gang. Henta 6. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Sanna Marin