Rekombinasjon
Utsjånad
Rekombinasjon (av latin re, 'på nytt' og kombinasjon) eller mixis viser til blandinga av gena til to celler. Prosessen er vanleg i samband med kjønna formeiring, der arvematerialet i eit par kromosom blir omfordelte slik at ein får to kromosom med nye genkombinasjonar.
Den vanlegaste forma for rekombinasjon finn stad under meiose, det vil seia danninga av kjønnsceller, og fører til at sysken som ikkje er einegga får ulikt arvemateriale. Rekombinasjon fører til variasjon innan ein populasjon, og er derfor ein viktig evolusjonsfaktor.