Sysken
Utsjånad
Sysken eller søsken viser som regel til folk eller dyr som er i slekt gjennom å ha ein eller begge foreldre til felles. Ein skil mellom mannlege sysken, brør, og kvinnelege sysken, systrer.
Terminologi
[endre | endre wikiteksten]Sysken som berre har sams far eller sams mor vert kalla halvsysken, til skilnad frå heilsysken eller rettsysken. Personar som ikkje er i slekt biologisk, men har foreldre som har danna eit nytt par, vert ofte kalla stesysken, medan personar som ikkje slektar på kvarandre som veks opp i ein fosterfamilie kan kallast fostersysken.
Ektefellane til sysken kan ein kalla versysken eller svigersysken.
Borna til to sysken er kvarandre sine syskenbarn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Søsken» frå Wikipedia på svensk, den 9. september 2011.