[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Raška

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Raška (fleirtyding).
Raška (Рашка)
elv
Land  Serbia
Nedslagsfelt 1 193 km²
Lengd 60 km
Kjelde Pešter sør for Sopoćani
Munning Ibar ved Raška
Kart
Raška
43°17′12″N 20°37′10″E / 43.2865779°N 20.61949253°E / 43.2865779; 20.61949253
Wikimedia Commons: Raška (river)

Raška (serbisk Рашка) er ei elv sørvest i Serbia og ei 60 km lang sideelv til Ibar frå venstre.

Raška spring ut frå fleire slukelvar som kjem ut av grotter sør for klosteret Sopoćani i regionen Pešter. Elva renn forbi byen Novi Pazar. Ved byen Raška munnar elva ut i Ibar.

Raška drenerer eit område på 1193 km², som høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet.