Novi Pazar
Novi Pazar Нови Пазар | |||
---|---|---|---|
Sentrum i Novi Pazar | |||
| |||
Styresmakter | |||
Region Distrikt |
Šumadija og vestlege Serbia Raška | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 15,34 km² | ||
Flatevidd - By |
742 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2022) - Byområde |
106720 71462 | ||
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 36300 | ||
Bilnummer | NP | ||
Heimeside: www.novipazar.org.rs | |||
Plassering | |||
Novi Pazar (kyrillisk Нови Пазар, tyrkisk Yeni Pazar) er ein by og ein kommune i distriktet Raška i Serbia i den geografiske regionen Sandžak. Byen har noko over 70 000 innbyggjarar, medan kommunen har vel 105 000 innbyggjarar.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Namnet tyder «ny basar» på det lokale språket. Namnet kjem frå det tyrkiske ordet «pazar» og det serbiske/bosniske ordet «novi» som tyder «ny».
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen kom til liv som ein handelsenklave nær byen Ras, som var hovudstad i kongedømet Serbia i mellomalderen. Ras var ikkje ein ideell stad som stoppestad for handelsmennene som reiste langs handelsvegane på Balkan, og ein ny handelsstad vart grunnlagd nokre få kilometer frå hovudstaden (og derfor namnet på byen).
Novi Pazar fekk formelt byrettar i 1459-1461 av Isa-beg Ishaković, som òg var grunnleggjaren av Sarajevo. Dei første skriftlege kjeldene nemner Novi Pazar på 1400-talet då Rådet i Republikken Ragusa sendte ein konsul til byen. Dette vitnar om at byen då alt truleg var utvikla med vegar til Dubrovnik, Niš, Sofia, Konstantinopel, Salonica (Thessaloníki), Sarajevo, Beograd og Budapest. Mange forfattarar skreiv om Novi Pazar og Evliya Celebi noterte at han var ein av dei største byane på Balkan på 1600-talet.
Byen var sete for Novibazar Sanjak under Det osmanske riket frå 1400-talet til 1900-talet.
Novi Pazar Sanjak vart okkupert og administrert av Austerrike-Ungarn frå 1878 til 1908. I 1908 kom området tilbake til Det osmanske riket, fram til 1912 då Serbia tok over under den første balkankrigen. Etter den første verdskrigen vart Novi Pazar mindre viktig.
Befolkningsutvikling
[endre | endre wikiteksten]År | Folketal[2] |
---|---|
1948 | 44 020 |
1953 | 50 189 |
1961 | 58 776 |
1971 | 64 326 |
1981 | 74 000 |
1991 | 85 249 |
2002 | 85 996 |
2011 | 100 410 |
2022 | 106 720 |
Busetnader
[endre | endre wikiteksten]Dei største busetnadane i kommunen er:[2]
Folketal 2002 | Folketal 2011 | Folketal 2022 | |
---|---|---|---|
Novi Pazar | 54 604 | 66 527 | 71 462 |
Mur | 3 407 | 4 169 | 4 818 |
Postenje | 3 471 | 3 930 | 4 232 |
Pobrđe | 2 176 | 2 889 | 3 602 |
Izbice | 1 566 | 1 596 | 1 886 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Novi Pazar» frå Wikipedia på engelsk, den 23. mars 2009.
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Укупан број становника, по насељеним местима / Total population, by settlements» (xlsx). Републички завод за статистику (Statistikkontoret for Republikken Serbia). Henta 30. september 2024.
- ↑ 2,0 2,1 «"Упоредни преглед броја становника 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. и 2022. године Comparative overview of the number of population in 1948, 1953, 1961, 1971, 1981, 1991, 2002, 2011. and 2022."». stat.gov.rs. Statistical Office of the Republic of Serbia. Henta 30. september 2024.