[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Provinsen Soria

Koordinatar: 41°40′N 2°40′W / 41.667°N 2.667°W / 41.667; -2.667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provinsen Soria

Soria er ein provins aust i Spania, sentralt i den autonome regionen Castilla y León. Han grensar til provinsane Zaragoza, Guadalajara og Segovia og Burgos, samt La Rioja.

Soria er den minst folkesette av dei spanske provinsane med opp under 100 000 innbyggjarar og berre rundt 9 innbyggjarar per kilometer, noko som er noko av det lågaste i EU. Om lag 40 % av innbyggjarane bur i provinshovudstaden Soria. Det er 183 kommunar i Soria, men nesten halvparten av dei har mindre enn 100 innbyggjarar og berre 12 av dei har meir enn tusen innbyggjarar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]

41°40′N 2°40′W / 41.667°N 2.667°W / 41.667; -2.667