[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Provinsen Córdoba

Koordinatar: 38°00′N 4°50′W / 38.000°N 4.833°W / 38.000; -4.833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Córdoba (arabisk قرطبة Qurṭuba) er ein provins sør i Spania, nord i den autonome regionen Andalucía. Han grensar til provinsane Málaga, Sevilla og Badajoz, Ciudad Real, Jaén og Granada.

Provinsen har eit areal på 13 769 km² og opp mot 800 000 innbyggjarar. 40 % av desse bur i provinshovudstaden Córdoba. Provinsen har kring 75 kommunar.

38°00′N 4°50′W / 38.000°N 4.833°W / 38.000; -4.833