Postkort
Postkort er eit kort av papir med plass til ei adresse, ei melding, og ofte eit biletmotiv på eine sida, og som blir sendt i posten.[1] Uttrykket blir brukt både om ferdig frankerte brevkort, og om prospektkort, som er slike postkort som har ein illustrasjon på den eine sida, gjerne eit fotografi av ein stad, eit landskap, ein bygning, eit bygningsmiljø og liknande.
Postkorta vart tekne i bruk i Austerrike i 1869, og kom til Noreg i 1871.[1]
Frå byrjinga av 1900-talet og i det meste av dette hundreåret, fram til meldingar og bilete sende over internett og smarttelefonar vart vanleg, var postkort særs populære for å syne familie og vener staden ein budde på, eller dei stadene ein vitja på reiser. I vår tid er det kan hende for det meste dei såkalla jolekorta med teikningar av nissar, dompapar i jolenek, idylliserte, snødekte by- og bygdelandskap og liknande, som held tradisjonen med å sende postkort til familie og vener oppe.
Prospektkort har blitt sjølvstendige samleobjekt, slik frimerke har blitt det. Til liks med at sytematisk frimerkesamling og studiet av frimerke blir kalla filateli, har systematisk samling av prospektkort og studiet av slike kort fått nemninga deltiologi på norsk, svensk og dansk, deltiology på engelsk, cartophilie på fransk, Philokartie på tysk og cartofilia eller deltiología på spansk.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 «postkort». Store norske leksikon. Henta 5. januar 2015.