[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pitcairn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pitcairn
Pitkern
øygruppe
Flagg
Symbol
Land  Storbritannia
Hovudstad Adamstown
Areal 47 km²
Folketal 50 (2019)
Språk Engelsk, pitkern
Mayor Simon Young
Tidssone −08.00
Retningsnummer +64
Domene .pn
Kart
Pitcairn
25°04′04″S 130°06′16″W / 25.0677812°S 130.1045778°W / -25.0677812; -130.1045778
Kart som viser Pitcairn.
Kart som viser Pitcairn.
Kart som viser Pitcairn.
Wikimedia Commons: Pitcairn Islands

Pitcairn (engelsk Pitcairn Islands, pitkern Pitkern Ailen), offisielt Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands,[1][2][3][4] er ei øygruppe aust i Stillehavet, som utgjer eit britisk oversjøisk territoium. Arealet er 62 km². Den einaste folkesette øya er Pitcairnøya, som er 4,6 km² stor. Dei andre, ubygde øyane, er Henderson (37 km²), Oeno (0,7 km²) og Ducie (0,65 km²). I januar 2020 hadde territoriet berre 47 fastbuande.[5]

Pitcairn er den minste politiske eininga i verda i folketal. Ibuarane er i hovudsak etterkomarar av mytteristar frå det britiske skipet «Bounty» og polynesiarar frå Tahiti, som kom hit med Bounty i 1790.

Det kan ha budd polynesiarar på øygruppa i fleire hundreår tidlegare, men dei var folketomme då dei blei oppdaga av europearar.[6]

I 1790 kom ni av mytteristane frå det britiske skipet HMS «Bounty» til øya, i lag med fleire tahitiarar (seks menn, 11 kvinner og ein baby). Dei brann skipet og slo seg ned på øya.

I 1856 utvandra heile befolkninga, på 193 menneske, til Norfolkøya då øya hadde vorte overfolka, men kort etter vende 42 av dei attende til Pitcairn.

Kart over Pitcairn.
  1. «British Nationality Act 1981 – SCHEDULE 6 British Overseas Territories». UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen 12. april 2018. Henta 21. september 2016. 
  2. «Pitcairn Constitution Order 2010 – Section 2 and Schedule 1, Section 6» (PDF). UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 10. september 2016. Henta 8 October 2015. 
  3. «Laws of Pitcairn, Henderson, Ducie and Oeno Islands». Pitcairn Island Council. September 2016. Arkivert frå originalen 29. januar 2018. Henta 8. april 2012. 
  4. «The Overseas Territories» (PDF). UK Government. September 2016. Arkivert frå originalen (PDF) 20. oktober 2017. Henta 21. september 2016. 
  5. Young, Simon (Januar 2020). «Letters to the Editor». The Pitcairn Miscellany 63 (1). 
  6. Diamond, Jared M (2005). Collapse: how societies choose to fail or succeed. New York: Penguin. s. 132. ISBN 9780143036555. OCLC 62868295. «But by A.D. 1606 . . . Henderson's population had ceased to exist. Pitcairn's own population had disappeared at least by 1790 ... and probably disappeared much earlier.» 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Pitcairn