Penselmuggsoppar
Penselmuggsoppar | |
Systematikk | |
Rike: | Soppriket Fungi |
Rekkje: | Sekksporesoppar Ascomycota |
Underrekkje: | Ekte sekksporesoppar Pezizomycotina |
Klasse: | Kulesekksoppar Eurotiomycetes |
Underklasse: | Eurotiomycetidae |
Orden: | Eurotiales |
Familie: | Trichocomaceae |
Slekt: | Penselmuggsoppar Penicillium Link, 1809 |
Penselmuggsoppar (Penicillium) er ei slekt av soppar. Dei finst mange ulike stader på jorda og er mellom anna funne i prøver frå alpine område, tundra og Antarktis. Dei har òg vorte skildra frå is under isbre, og er ei av dei meir vanlege isolerte slektene frå tang.[1]
Fleire artar i slekta vert nytta industrielt til fermentering; mellom anna ved produksjon av ost, der til dømes artane roquefortmugg (Penicillium roqueforti) og camembertmugg (Penicillium camemberti) vert nytta. Vidare vert arten Penicillium purpurogenum nytta til framstilling av glukonsyre og arten penicillinmugg (Penicillium chrysogenum) til framstilling av penicillin.[2] Ymse penselmuggsoppartar produserer antimykotikumet griseofulvin.[3]
I 2014 vart det rekna 354 artar til penselmuggsoppane.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Godinho, Valéria M; et al. (23. mai 2013). «Diversity and bioprospecting of fungal communities associated with endemic and cold-adapted macroalgae in Antarctica». The ISME Journal. doi:10.1038/ismej.2013.77.
- ↑ «Penicillium» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 1. januar 2017.
- ↑ «griseofulvin» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 1. januar 2017.
- ↑ Visagie, C.M.; et al. (juni 2014). «Identification and nomenclature of the genus Penicillium». Studies in Mycology. doi:10.1016/j.simyco.2014.09.001.