[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Optikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Optikk studerer mellom anna lysrefleksjon.

Optikk dreier seg om korleis lys spreier seg og blir brote, og er ei grein av fysikken.

Vitskapen prøver å forklara ulike optiske fenomen. Han studerer synleg, infraraudt og ultrafiolett lys. Ettersom alle desse er ulike bølgjelengder av elektromagnetisk stråling, på same måte som røntgenstråling, mikrobølgjer og radiobølgjer, vil ein finna liknande fenomen her òg. Ein kan difor sjå på optikken som underordna studiet av elektromagnetismen.

Lysspekter skapt gjennom lysbryting i eit prisme.

Nokre optiske fenomen kan berre forklarast ved at lyset har kvanteeigenskapar, slik som fotoelektrisk effekt. Optikken bruker derfor både klassisk fysikk og kvantefysikk som forklaringsmodell.